Difi avsluttar tilsyn med SAS utan dagbøter

Tilsynet i Difi avsluttar i dag tilsynet med SAS Norge AS. SAS retta alle feil til fristen 30.8.2018, og det vil dermed ikkje løpe dagbøter.

Bakgrunn

Tilsynet i Difi avdekka i ein kontroll i fjor haust fleire feil på Sas.no. SAS fekk 15. august ti yrkedagar på seg til å rette feila som sto att, elles ville det løpe dagbøter på 150 000 kroner per dag.

Tvangsmulkta vart gitt med heimel i lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven), og forskrift om universell utforming av ikt.

Om saka

Difi gjennomførte tilsyn med SAS Norge AS sine nettsider hausten 2017. Det vart avdekka omfattande svikt. Tilsynet fann seks avvik med brot på til saman 20 lovkrav.

SAS leverte plan for retting i januar 2018.  Etter planen skulle alle feil vere korrigerte innan juni 2018. I juni sto det likevel att å rette 33 %. Tilsynet sendte derfor ut pålegg om retting den 25. juni i år, med frist for å rette resten innan 6. august. Den 8. august sto det framleis att 19,2 % av feila, og dei er alle knytt til kjøp av billett.

SAS fekk ti yrkedagar frå og med 16. august 2018 til å rette feil som står att. Deretter ville det løpe dagbot kvar yrkedag frå og med 30. august 2018. Størrelsen på dagbota var sett til 150 000 kroner. Frå og med 1. oktober 2018 ville dagbota auke med 10 % per påbegynte kalendermånad.

Alle må ha likeverdige moglegheiter til å bestille billett

Direktør i tilsynet, Malin Rygg, kommenterer saka slik:

– Vi er glade for at feila vi avdekka i kjøpsløpet på sas.no, er retta opp. Dette vil komme alle SAS sine kundar til gode. SAS har hatt eit positivt fokus og god oppfølging etter vedtaket. Det har gjort at dei no er i mål, og vi håpar at SAS vil oppretthalde det gode arbeidet med universell utforming i nettløysinga si.

Ta gjerne kontakt

Publisert: 31. aug 2018, Sist endra: 31. aug 2018

Sharethis