Funka Nu har invitert oss til Funka sine Tilgjengelighetsdagar i Stockholm for å snakke om Norge som foregangsland på lovgjeving av universell utforming. Konferansen er den største i sitt slag i Nord-Europa og samlar om lag 300 deltakarar.

Det nye Norge er digitalt. Auka digitalisering er ikkje berre ein samfunnstrend, men ein ønska politikk frå både tidlegare og noverande regjering. Allereie i 2001 kom den offentlige utredningen Fra bruker til borger (NOU 2001:22). Dette er første gong at det i lovsamanheng vert fokusert på å gå frå å vera ein «brukar» til å bli ein deltakar på linje med alle andre borgarar. I tillegg blir universell utforming løfta fram som ein strategi for nedbygging av samfunnsskapte barrierar.

Eit samfunn utan digitale barrierar er ein nødvendig føresetnad for ei vellukka digitalisering. Når vi ser framover, ser vi at vi står vi på terskelen til ei eldrebølge. Vi veit at mange har utfordringar med overgangen til digitale løysingar. For nokre er dette ei utfordring på grunn av den nye måten å kommunisere og samhandle på. For andre er utfordringa at ein har ulike føresetnader eller at ein har ulike grader av funksjonsnedsetting – mellombels eller varig.

For alle desse vil universelt utforma løysingar senke terskelen for bruk og bidra til regjeringa sitt mål om eit digitalt samfunn. Digitalisering og universell utforming av IKT er såleis to sider av same sak.

Høyr korleis vi tenker oss å jobbe for ein enklare digital kvardag for alle på Funka sine Tilgjengelighetsdagene 2014.

Torhild Brudvik er kommunikasjonsansvarleg i Tilsyn for universell utforming av IKT i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Forfatter

Portrettbilde av Torhild Brudvik
Torhild Brudvik
Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet i Difi

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.