Malin Rygg

Vi i tilsynet får mange spørsmål av alle dykk som på ulikt vis jobbar med IKT-løysingar – anten det er med løysingar på nett eller med sjølvbetjeningsautomatar. Når eg er ute og held foredrag får eg ofte spørsmål frå salen, eller på tomannshand, og eg ser at dette ofte er spørsmål som går igjen i det de er opptekne av når de skriv til oss på uu@difi.no eller tek kontakt på telefon.

Difor tenkte eg at eg kunne bruke bloggen her til å gi dykk svar på det mange lurer på. Framover vil eg siste fredag i måneden blogge om aktuelle spørsmål som gjeld forskrift for universell utforming av IKT. I dette innlegget vil eg forklare kva det betyr at ein nettstad er retta mot allmenta.

Gjeld det Facebook-sida mi?

Reglane gjeld for offentlege og private verksemder som har ei nettside som «retter seg mot allmennheten», jf. Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova § 13 tredje ledd. Omgrepet «allmennheten» - eller allmenta – betyr at ein oppheld seg ein eller annan stad i den offentlege sfæren. Ein nettstad vil dermed rette seg mot allmenta når den rettar seg mot offentlegheita, og dette er uavhengig om den rettar seg mot ein bestemt del av publikum.

Vi avgrensar allmenta mot den private sfæren, og «familieliv og andre forhold av personlig karakter» er ikkje omfatta, jamfør forskrifta § 2 andre ledd. Reglane gjeld altså ikkje for privatpersonar sin Facebook-profil, Twitter-konto eller liknande private heimesider eller nettsider, eller vennegrupper.

Allmenta – avgrensingar og nokre eksempel

Lovgjevar har valt at både offentlege og private verksemder skal gjere nettsidene sine universelt utforma, og regelverket får difor eit breitt verkeområde, det vil seie at regelverket vil gjelde svært mange verksemder. Målet er at Internett skal bli ein samfunnsarena der heile befolkninga kan delta på ein likeverdig måte. Vi kan difor sjå det slik at dei delar av Internett og dei nettstader som er ope tilgjengeleg for heile befolkninga, må følgje reglane. Døme på verksemder som er retta mot allmenta kan vere nettaviser, nettbutikkar, bankar- og finansinstitusjonar, hotell, restaurantar og serveringsstadar, advokatfirma, røyrleggarar, arkitektar, idrettslag, og organisasjonar som Den norske turistforening og Røde kors.

Gjeld det timeregistreringa på jobben?

Reglane i forskrifta gjeld ikkje IKT-løysingar i arbeidslivet. Sjølv om eg i jobbsamanheng er ein del av allmenta, så vil slike IKT-løysingar ikkje vere retta mot allmenta, fordi det er berre eg og mine kollegaer som har tilgang til denne IKT-løysinga. Dette kan til dømes vere interne sakshandsamingssystem- og fagsystem som vi brukar for å utføre ulike arbeidsoppgåver.

Mange bedrifter vil tilby både informasjon om, og tilgang til nettbaserte bedriftsprodukt til andre bedrifter, via Internett. Her kan vi sjå det slik at den delen av bedrifta sin nettstad som tilbyr informasjon om ulike produkt, og som alle har tilgang til, må følgje reglane. Den som vil ta i bruk sjølve bedriftsproduktet, må likevel ofte inngå ein avtale om tilgang til produktet, med den verksemda som tilbyr produktet (typisk kjøpe ein lisens). Denne delen av nettstaden vil ofte ikkje vere ope tilgjengeleg for alle, og ei slik nettløysing ser vi difor på som eit internt driftssystem som ikkje vil vere omfatta av forskrifta.

Så kan eg jo minne om at i første omgang gjeld krava berre nye IKT-løysingar som er kjøpt eller bestilt etter 1. juli i år. Løysingar som allereie eksisterer eller er bestilt før denne datoen, skal vere universelt utforma frå 1. januar 2021.

Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Siste fredag i måneden vil Malin skrive her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.