Malin Rygg

Vi i tilsynet får mange spørsmål av alle dykk som på ulikt vis jobbar med IKT-løysingar – anten det er med løysingar på nett eller med sjølvbetjeningsautomatar. Når eg er ute og held foredrag får eg ofte spørsmål frå salen, eller på tomannshand, og eg ser at dette ofte er spørsmål som går igjen i det de er opptekne av når de skriv til oss på uu@difi.no eller tek kontakt på telefon.

Må du byte nettside i år?

Det er mange som spør oss om det nye regelverket for universell utforming av IKT, som begynnar å gjelde 1. juli, betyr at dei må kjøpe nye nettsider i år. Mange har vore uroa for at regelverket skal påføre dei store kostnader knytt til kjøp av ny nettstad som dei ikkje har planlagt for. Vi ser også at nokre leverandørar brukar det i si marknadsføring at du må byte nettside i år.

Det er viktig å vere klar over at det nye regelverket ikkje betyr at du må byte nettside i år. Og heller ikkje neste år. Som eg har skrive om før i bloggen gjeld krava berre nye IKT-løysingar som er kjøpt eller bestilt etter 1. juli i år. Løysingar som allereie eksisterer eller er bestilt før denne datoen, må først vere universelt utforma frå 1. januar 2021.

Kvifor er innføringstida så lang?

Forskrifta trådde i kraft 1. juli 2013. Denne datoen markerte starten på ein overgangsperiode, som gjaldt fram til 1. juli 2014. Føremålet med denne overgangsperioden var at verksemdene skulle få anledning til å sette seg inn i regelverket før det trådde i kraft. Det er viktig at verksemdene har kjennskap til standardar for universell utforming og at dei set krav ved utviklinga av nye løysingar.

Det er også dette som er grunnen til at innføringstida for eksisterande løysingar er nesten sju år. Nettsider vil ha ei viss levetid der oppbygning og funksjoner fungerer tilfredsstillande, utan at det er naudsynt for verksemda å gjere endringar.

Det er god samfunnsøkonomi at krava vert innført i takt med ei naturleg utskifting av eksisterande løysingar. Slik kan vi oppnå målet om eit samfunn utan digitale barrierar innan 2021.

Er di nettside ei «ny IKT-løysing»?

Som nemnt over er det berre nye IKT-løysningar som må oppfylle krava om universell utforming. Kva ligg det i at ei løysing er ny?

Ny IKT-løysing er i forskriftens § 3 bokstav e definert som «[t]otal utskiftning av en teknisk løysing, versjonsoppgradering, utskifting eller større endring av kildekode og større endring av utseende eller utforming. Gradvise endringer over tid somt til sammen utgjør en endring som nevnt i denne bokstav, kan også regnes som ny IKT-løysing».

Dette omfattar då i første omgang nettsider som vert lansert for første gang. I tillegg omfattar definisjonen endringar av eit visst omfang. Endringar i brukargrensesnittet og den underliggande programkoden vil typisk vere eksempel på endringar som gjer at nettsida vert vurdert som ny. Endringar i design eller utskifting av publiseringsverktøy vil ofte også medføre at nettsida er å sjå på som ei ny IKT-løysing.

Fleire mindre endringar over tid, kan etter forskrifta kumulerast, slik at dei etter ein samla vurdering blir vurdert som ei ny IKT-løysing. Dette er ei side av regelverket som er viktig å ha i bakhovudet for deg som jobbar med nettsider. Du bør allereie i dag planlegge korleis du vil jobbe med di nettside for å gjere den universelt utforma.

For at alle som bur i Norge skal ha dei same demokratiske rettane, lik tilgang på informasjon og moglegheit til å bruke digitale tenester, uansett livssituasjon, må Internett bli ein samfunnsarena utan digitale barrierar. Dette kan alle som jobbar utviklinga av nettsider i Norge vere med å bidra til.

Erfaring viser at universell utforming bidreg til betre nettsider som er lettare å bruke for alle. Difor seier vi at universell utforming er difor nødvendig for nokon, men samtidig bra for alle.

Resultatet vert ein enklare digital kvardag for alle.

Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Siste fredag i måneden vil Malin skrive her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.