Malin Rygg

Tilsynet erfarer at fleire stiller spørsmål ved omgrepet hovudløysing. Korleis definerer vi at ei løysing er ei hovudløysing?

For å vere omfatta av reglane, er det fleire vilkår, blant anna at nettstaden er ei «hovedløsning». Dersom nettstaden ikkje er ei hovudløysing, gjeld heller ikkje krava til universell utforming.

Omgrepet «hovedløsning» er definert i forskrifta som «IKT-løsninger som er en integrert del av den måten virksomheten informerer og tilbyr sine tjenester til allmennheten på og som er knyttet til virksomhetens alminnelige funksjon».

Vi kan til dømes samanlikne med eit hotell. Eit «hotells alminnelige funksjon» er å tilby overnatting mot betaling. Nettstaden til hotellet med informasjon om hotellet og booking av hotellrom via nettet, vil typisk vere ei hovudløysing for hotellverksemda. Nettstaden er ei hovudløysing på lik linje med informasjon om hotellet og booking av hotellrom over telefon. Ei verksemd kan altså ha fleire hovudløysingar. I vurderinga av om ei løysing er å sjå på som ei hovudløysing, vil omfanget med omsyn til brukarar vere eit sentralt kriterium. Ei løysing som blir brukt av mange, vil difor lettare bli sett på som ei hovudløysing enn ei løysing som få brukar. Graden av betyding for samfunnsdeltaking for personar med nedsett funksjonsevne er også eit vurderingskriterium.

Vi vil gjere konkrete vurderingar av kva som er ei verksemd sin alminnelege funksjon, om nettstaden er retta mot allmenta og om nettstaden er ei hovudløysing for verksemda. Vurderinga vil variere etter kva type verksemd det er snakk om.

Malin Rygg er leiar for tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Siste fredag i måneden vil Malin skrive her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

2 Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Kommentarar

Jeg har fått et spørsmål fra en kunde om grenseoppgangen her jeg ikke har noe godt svar på. La oss si at et kjøpesenter har et ordinært nettsted med åpningstider, oversikt over butikker, og tilsvarende. De publiserer, for sine kunder, et insipirasjonsmagasin på papir. Her er det mest motefotografier, men også noen utvalgte tilbud fra enkeltbutikker. Dette kundemagasinet gjør de også tilgjengelig via sitt nettsted. Enten som en nedlastbar PDF, eller gjennom en klønete PDF-leser på nett (f.eks. Issuu). Hva er her hovedløsningen? I forlengelse av dette: La oss si at en butikk-kjede som _også_ har en nettbutikk publiserer en ukentlig tilbudsavis på papir. De tilbudsvarer som er tilgjengelige i nettbutikken er kategorisert som dette, men noen varer finnes kun i butikkene - og i tilbudsavisen. Også denne tilbudsavisen publiseres som PDF på nett. Hva er her hovedløsningen?

Hei! Takk for kommentar og spørsmål. Det er ikkje slik at det enten er papirutgåva av magasinet/tilbodsavisa eller nettutgåva som er hovudløysinga. Ei verksemd kan ha fleire hovudløysingar. Ein slik nettstad som du har beskrive vil som regel vere ei hovudløysing på lik linje med det fysiske kjøpesenteret/butikkane. Begge deler vil gjerne vere ein integrert del av måten kjøpesenteret/butikkane informerer og tilbyr sine tenester til allmennheiten på, og er knytt til verksemda sin alminnelege funksjon. Dette må vi likevel vurdere konkret i den enkelte saka. Dersom vi vurderer at ein nettstad er ei hovudløysing, vil i utgangspunktet alt innhald som blir lagt ut på nettstaden vere omfatta av krava og skal då vere universelt utformet. Dersom eit magasin, ei tilbodsavis eller liknande i tillegg til å bli distribuert på papir, blir lagt ut på nettstaden, må magasinet/tilbodsavisa vere universelt utforma på lik linje med anna innhald som blir publisert på nettstaden. Håpar dette var avklarende.