Malin Rygg

Kva skrifttype skal du velje for å sikre at teksten blir mest mogleg leseleg? Det er ingen krav i lovverket om kva skrifttypar du bør bruke, og standarden som er lovpålagd for nettsider, WCAG 2.0, gir ingen fasit. Mange spør oss om dette og vi kan gi deg nokre råd.

Med eller utan seriffar?

Vi har ofte høyrt at vi skal bruke ein skrifttype utan seriffar for å gjere teksten mest mogleg leseleg og for at vi skal kunne presentere teksten på skjerm på ein god måte.

Seriffar er dei tverrgåande avslutningane av strekar som finst i nokre skrifttypar. 

Bilde av skrifttype med og uten seriff

Moderne nettlesarar og skjermar er lagt til rette for såkalla kantutjamning, slik at alle skrifttyper kan bli presentert like bra på skjerm som på papir. Tilrådinga om å bruke berre skrifttypar utan seriffar har difor gått litt ut på dato.

Kva skrifttype bør du bruke?

Kjenneteikna på ein god, leseleg skrifttype er 

  • ein klassisk stil, som gjer at brukaren kan kjenne att teikna
  • unike teikn, som viser tydeleg skilnad på teikna

Vi bør unngå å bruke uvanlege skrifttypar som kan bli oppfatta som «rare» og som teiknar opp bokstavane på ein uvanleg måte.

For å få godt leseleg tekst er det også viktig at 

  • kontrasten og størrelsen på teksten er stor nok
  • skrifttypen ikkje har for tynn strek

Ei generell tilråding er å bruke kjente skrifttypar som er tilpassa for bruk på nettsider. Ikkje ver for kreativ. Du bør velje skrifttypar som blir presentert likt på alle einingar.

Ulike brukarar kan ha ulike preferansar på kva skrifttypar dei foretrekk. Difor bør nettstaden vere koda slik at brukaren kan endre visning direkte i nettlesaren eller gjennom operativsystemet.

Artikkelen Tekst og struktur i uu-skolen gir deg meir rettleiing om kva omsyn du må ta med tanke på utforming av tekst. 

Malin Rygg er leiar for tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. 

Forfatter

Portrett av Malin Rygg
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsyn for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

2 Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Kommentarar

Tilrådinga om å bruke berre skrifttypar utan seriffar har difor gått litt ut på dato.

Det var interessant. Norges Blindeforbund anbefaler skrifttyper uten seriffer også på papir. Jeg har spurt svaksynte om dette i brukerundersøkelser, og så og si alle vil helst at seriffer unngås. Men da er nok det feil, og jeg har aldri sammenliknet lesehastigheter med ulike skrifttyper eller liknende.

Hei, Morten. Takk for innspel om seriffar. Vi ynskjer ikkje å tilrå verken å unngå seriffar eller bruke seriffar. Som vi seier i bloggen, så kan ulike brukarar ha ulike preferansar. Det viktigaste er at skrifttypen er utforma slik at det er lett å kjenne att dei ulike teikna, at det er tydeleg skilnad på teikna og at det ikkje er for mange effektar som gjer teksten vanskeleg å lese. Det er interessant å høyre om ditt funn om at svaksynte helst vil unngå seriffar. Vi er glade for at du kommenterer og bidreg til debatt om temaet.