Roadshowet om universell utforming av IKT er over. Vi har løfta bodskapen om ein enklare digital kvardag. Meir enn 400 engasjerte folk møtte opp i Oslo, Kristiansand, Trondheim og Bergen.

Malin Rygg snakkar for fullsett sal i Bergen
 
 

Målet var ...

Målet med roadshowet var å løfte kunnskapen om krava til universell utforming for nettsider. Vi ville skape ei betre forståing av regelverket og kva universell utforming av IKT er i praksis. Vi møtte stort engasjement, og vi håpar at vi får med fleire på laget for å jobbe for eit samfunn utan digitale barrierar og ein enklare digital kvardag.

Gjestane sa ...

I kvar by fekk vi med oss to gjestar som delte erfaringar og kunnskap om universell utforming av IKT. Vi er glade for at dei ville dele og vise fram det gode arbeidet som blir gjort med universell utforming.

Oslo

Kristin Skeide Fuglerud, sjefsforskar i Norsk Regnesentral, snakka om kommersielle aspekt rundt IKT, kost-nytte-analyser og gevinstar ved universell utforming.

Cathrine Strand Yttervik, seniorrådgjevar i brukskvalitet i Skatteetaten, presenterte korleis Skatteetaten har jobba systematisk med universell utforming for at brukaren skal finne den han treng på Skatteetaten.no. 

Kristiansand

Mikael Snaprud, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder og leiar av Tingtun AS, presenterte praktiske verktøy for sjekk av barrierar på nettsider og i PDF-dokument i Norge og Europa.

Eirek T. Gullvåg, e-commerce-manager i Stormberg.no, snakka om Stormbergs verdiar og om kvifor Stormberg satsa på universell utforming og om status så langt.

Trondheim

Kjetil Knarlag, NTNU, er mellom anna prosjektleiar for universell.no og snakka om erfaringar både som nettstadeigar, pådrivar og kompetanseeining innan utdanningssektoren.

Lene Fjellstad og Oddvar Øyan, begge frå Statped, viste praktiske moglegheiter og utfordringar for ein blind på Internett.

Bergen

Kjersti Steindal, prosjektleiar i Bergen kommune, orienterte om korleis dei har jobba med å gjere intranettet universelt utforma.

Stein Erik Skotkjerra, Teknologi for alle i Norges Blindeforbund, heldt foredrag om gode måtar å jobbe med universell utforming på.

Du kan sjå nærmare kva dei snakka i presentasjonane på SlideShare (ekstern lenke, engelsk innhald) og på våre nettsider. Vi legg ut alle snarast.

Tilsynet sa ...

Før gjesteinnlegga, starta tilsynet med presentasjon av regelverket, krava og kva tilsynet gjer. Vi snakka om kva universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) eigentleg betyr og til slutt presenterte vi rettleiinga som tilsynet har utarbeidd – uu-skolen - og som finst på uu.difi.no.

På slutten hadde vi spørsmålsrunde frå salen. Vi fekk viktige og gode spørsmål som vi har notert oss og som vi vil ta med vidare i arbeidet med tilsyn, rettleiing og informasjon.

Les meir i uu-skolen

Vi håpar at fleire vil ta i bruk uu-skolen på uu.difi.no. Les rettleiingstekstane og lær deg litt om universell utforming sjølv. Les, forstå og kom i gang med å lage løysingar som er gode for alle.

Vi vil høyre meir frå dykk

Vi i tilsynet i Difi legg vekt på dialog og er glade for at vi kunne komme og treffe mange av dykk som enten er ansvarlege for ei nettside eller som lagar nettsider, som jobbar med brukaren og som utviklar web. Vi håpar vi klarte å vise at lova har eit positivt føremål, som er likeverd og likestilling. Og ikkje minst at gode, enkle og tilgjengelege løysingar er noko som er bra for oss alle.

Vil du dele, problematisere, kritisere, send oss gjerne eit blogginnlegg. Vi vil gjerne høyre frå alle som har tankar om universell utforming av IKT. 

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.