Vi gjennomfører no ei omfattande måling av status for universell utforming av IKT. Statusmålinga er ein del av tilsynet si områdeovervaking og skal gi viktig informasjon om problemområde med tanke på tilgjengelegheit og universell utforming.

Eit representativt utval av 300 private og offentlege nettstader er med i målinga, som bygger på måleindikatorar og testprosedyrar tilsynet utarbeidde i første halvår 2014. Arbeidet starta med eit forprosjekt hausten 2013, der mellom andre Funka Nu bidrog i ei innleiande fase.

Som myndigheitsorgan er vi opptekne av integritet og at arbeidet vårt er dokumentert, kan etterprøvast og imøtegåast. Dette er også bakgrunnen for at tilsynet har valt å utvikle måleindikatorar, testprosedyrar og vurderingskriterium i eigen regi.

Vi prioriterer indikatorarbeid høgt. Arbeidet er tverrfagleg og involverer tilsynet sine medarbeidarar innan både teknologi, jus og statistisk analyse. Målet er å sikre at indikatorsettet held eit høgt fagleg nivå knytt til alle desse fagdisiplinane.

Indikatorsettet er målestokken

Indikatorsettet viser tydeleg kva som skal evaluerast, korleis evaluering/test skal føregå og korleis testresultat skal vurderast. Kravet til dokumentasjon gjeld også referansar til regelverket for universell utforming, med vekt på WCAG 2.0. og tilhøyrande teknikkar.  

Indikatorsettet vert brukt både til statusmålingar og i tilsynssamanheng, der enkeltløysingar vert kontrollerte opp mot krava i regelverket.

Statusmålinga vi gjennomfører i haust er konsentrert om følgjande tema:

  • Moglegheit for forstørring av innhald
  • Fargebruk/kontrast
  • Tekstalternativ til bilete og illustrasjonar
  • Utforming av lenker og lenkemål
  • Ulike måtar å navigere på, med særskilt vekt på tastaturnavigasjon
  • Skjema, ledetekstar og navigasjon
  • Koding av overskrifter, tabellar, søkefelt og skjema
  • Kontroll av semantisk kode

Status for målinga

Til no har vi evaluert 190 av 300 verksemder. Vi testar ikkje alt på kvar nettstad, men gjer eit utvalg av opp til ni testsider. Til saman skal vi vurdere om lag 2 700 enkeltsider. Arbeidet vil fortsette ut året, og resultata frå statusmålinga blir anonymiserte og publiserte i 1. kvartal 2015.

Statusmålinga er ein del av tilsynet si områdeovervaking og skal gi viktig informasjon om problemområde med tanke på tilgjengelegheit og universell utforming.

Tilsynet vil også publisere indikatorar og testmetodar etter at statusmålinga er gjennomført. Vi vil då ha eit gjennomarbeidd og godt dokumentert indikatorsett som fleire kan ha nytte av, både til evaluering av eigne løysingar og ved kravspesifisering i samband med anskaffing av IKT-løysingar.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.