I dag er første dag på roadshow. Vi startar i dag i på Oslo Plaza, det er god stemning og vi har i dag nærmare 170 påmeldte.

 Klare for roadshow. Frå venstre mot høgre: Torhild Brudvik, Cathrine von Porat, Malin Rygg og Frank Fardal.
 

På bildet ser du (frå venstre mot høgre) Torhild Brudvik, Cathrine von Porat, Malin Rygg og Frank Fardal frå tilsynet.

Dei som er påmeldt er kommunikatørar, nettredaktørar og designerar i private og offentlege verksemder. Vi har invitert dei for å løfte deira kunnskap om krava til universell utforming for nettsider.

Roadshowet vårt denne veka går til Oslo, Kristiansand, Trondheim og Bergen - fire informasjonsmøte i fire byar på fire dagar. Føremålet med informasjonsmøta er å løfte kjennskapen til regelverket som gjeld dei fleste verksemder i Norge, dessutan å motivere dei der ute til å kome i gang med universell utforming av nettsider.

Vi ønskjer å skape ei betre forståing av regelverket og kva universell utforming av IKT er i praksis. I første runde er det altså desse fire byane vi besøker. Vi legg opp til å gjere tilsvarande på andre stadar i 2015.

Variert program

I tillegg til innlegg frå tilsynet, vil publikum få høyre meir frå Norsk Regnesentral, Skatteetaten, Universitetet i Agder, Stormberg, NTNU, Statped, Bergen kommune og Blindeforbundet.

Innlegga varierer frå by til by, og publikum får høyre meir om mellom anna

  • forskrifta og krava til universell utforming av IKT
  • korleis å teste om ein nettstad følgjer krava
  • kommersielle og forretningsmessige sider ved satsing på universell utforming
  • erfaringar frå universell utforming i utdanningssektoren
  • korleis blinde brukar Internett

På SlideShare finn du presentasjonar frå roadshowet (ekstern lenke, engelsk innhald).

Om tilsynet

Tilsynets visjon er eit samfunn utan digitale barrierar. Universell utforming gir ein enklare digital kvardag.

Forfatter

Portrettbilde av Torhild Brudvik
Torhild Brudvik
Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet i Difi

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.