Tilsynet presenterte digitale barrierar i Norge på Tilgjengelighetsdagane

I haust gjennomførte vi ei større statusmåling for å sjekke dei digitale barrierane i Norge. Vi testa eit utval av verksemder i både offentleg og privat sektor, totalt 304 verksemder. Gjennom over 14 000 enkelttestar avdekka vi kva barrierar som peikar seg ut på norske nettsider. Dette fortalte vi om i går på Funka sine Tilgjengelegheitsdagar i Stockholm.

Testindikatorar basert på WCAG 2.0

I målinga brukte vi tilsynet sitt eige sett med testindikatorar for å teste nettsidene. Settet inneheld

  • detaljerte testprosedyrar, som bygger på teknikkane i WCAG
  • opplegg for registrering av testresultat
  • skala for vurdering av grad av samsvar

Indikatorsettet tek utgangspunkt i WCAG 2.0 og dekker alle dei 35 suksesskriteria i forskriften. I denne statusmålinga dekka vi 15 av dei 35 lovpålagde suksesskriteria. Indikatorane vil vi bruke både til statusmålingar og til kontroll med enkeltløysingar. I løpet av 2015 vil vi publisere desse slik at alle kan sjå kva og korleis vi testar, samtidig som vi kan få feedback på indikatorsettet frå alle dykk der ute.

Hovudutfordringane

Våre testar viser at hovudutfordringar som går igjen på norske nettstader er kode, alternativ tekst og kontrast. Offentleg sektor gjer det noko betre enn privat, og det er 11 offentlege verksemder blant dei 15 verksemdene som gjer det best. Men ingen verksemder får meir enn 78 %. Det vil seie at det er ein jobb å gjere innanfor alle sektorar.

Ein interessant observasjon er at det ikkje alltid dei største verksemdene som gjer det best – ei lita lokalavis toppar resultata innan media, medan dei store mediahusa hamna langt nede på lista. Innan bank og transport ser vi same tendens – dei store flyselskapa ser ut til å ha ein jobb å gjere.

Alle resultata publiserer vi i vår rapport «Digitale barrierar i Norge» i juni 2015.

På startblokka

Vi har altså målt status no når regelverket er eit og eit halvt år. Vi står på mange måtar på startblokka. Løysingane vi har testa er allereie eksisterande løysingar. Regelverket gjeld nye løysingar, det er dei som skal følgje WCAG 2.0. Så vi kan det seie det slik at vi startar på 50 % og det er no framover at alle løysingane som kjem skal følgje det nye regelverket.

Ambisiøst regelverk

Den kanadiske ux-eksperten David Berman har kalla den norske lovgjevinga den mest ambisiøse lovgjevinga på tilgjengelegheit nokonsinne og gratulerer Norge for å ha kome langt på eit område der Canada lenge har satsa. Canada har per i dag krav til WCAG på A-nivå, medan det norske regelverket gir krav om dobbel A.

Vi trur at regelverket i Norge er ein start å bygge vidare på. I Norge ønskjer vi digitale løysingar for å forbetre og forenkle tenester både i privat og offentleg sektor. Det krev at både utviklarar, designarar og kvar og ein som publiserer innhald på nettet forstår at universell utforming handlar om å lage gode, smarte digitale løysingar som set brukaren med alle sine behov og føresetnader i sentrum.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.