Universell utforming av IKT er eit internasjonalt fagområde og det er viktig for oss i tilsynet å halde kontakt med andre land og utveksle erfaringar. Nederland jobbar målbevisst med fagområdet, men har ikkje eit lovverk slik som i Norge. I mars reiste tilsynet i Difi til Nederland og vi deler her erfaringane våre frå dette besøket.

I Norge har vi ei lov og ei forskrift som krev at offentlege og private verksemder sine nettløysingar er universelt utforma. Nederland har ikkje ei eiga lov eller forskrift på dette området, men ein politisk avtale mellom regjeringa og kommunane. Dette betyr at offentlege nettstader skal møte krava i Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0, på nivå AA, men at eventuelle brot på avtalen ikkje kan følgjast opp med sanksjonar. I Norge kan tilsynet føgje opp med sanksjonar dersom ei verksemd ikkje oppfyller krava.

Nederland følgjer prinsippet Comply or Explain. Det betyr at offentlege verksemder som ikkje oppfyller krava enno, må legge ut ei eigenerklæring på nettsidene sine om kva krav dei ikkje oppfyller og kvifor. Eigenerklæringa skal også innehalde fristar for når feila vert retta.

Testing og benchmarking

Det nederlandske innanriksdepartementet orienterte oss om samarbeidet mellom den nederlandske regjeringa og kommunane, og arbeidet med testing og benchmarking. I Nederland køyrer dei automatiserte testar på 17 av suksesskriteria i WCAG. Selv om vi har ulik tilnærming til testing, er det interessant å se at de fant de samme typene av feil i Nederland som tilsynet i Norge gjorde i haust då vi gjennomførte ei statusmåling av 304 norske nettsteder. Vi brukte manuell testing og testa på 15 av suksesskriteria i WCAG. 

Dei vi møtte

I tillegg til innanriksdepartementet, møtte vi også 

  • KING (The Quality Institute of Dutch Municipalities), som er ein organisasjon for kommunane, og liknar på norske KS. KING gjennomfører konsekvensanalysar for alle nye lovforslag som påverkar kommunane.
  • Vught kommune, som har laga nye nettsider, med vekt på brukaroppgåver og brukertesting av innhaldet. Det har resultert i ein nettstad med enkel utforming og utstrakt bruk av sjølvbetening, som er tydeleg inspirert av gov.uk
  • Universitetet i Twente, som har forska på kostnader og fordeler ved å ta inn universell utforming i starten av digitaliseringsprosjekt. Resultata deira viser at dette uansett fører til ein ekstra kostnad på 1-3 %, men at kostnaden blir vesentleg større dersom universell utforming ikkje er med frå starten av. Dei har også forska på bruk av WCAG i praksis og om det er eit verktøy som tek omsyn til brukaren sine føresetnader. Den førebelse konklusjonen er at WCAG er eit viktig testverktøy, men at det ikkje dekker alle behov.
  • Fleire private firma, som jobba med tilgjengelegheitsspørsmål i ulike samanhengar, mellom anna gjennom å arrangere kurs for kommunane

Rettleiing

Nederland legg vekt på å skrive testrapportar og rettleiing på ein måte som gjer innhaldet lett å forstå. Også i Norge er det mange som synest at krava kan vere kompliserte. Målet vårt er å gjere rettleiinga på uu.difi.no lett å forstå enten du har erfaring med standarden eller ikkje. Difor tek vi med erfaringane vi fekk i Nederland i arbeidet med å spreie informasjon om regelverket og korleis du gjer nettsider universelt utforma.

Forfatter

Portrettbilde av Torhild Brudvik
Torhild Brudvik
Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet i Difi

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.