Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT

Rapporten "Sosiale kommuner og universell utforming" konkluderer med at Kommune-Norge sin bruk av offisielle Facebook-sider bryt med diskrimineringslova. I dag bloggar eg om korleis vi i tilsynet ser på dette i lys av regelverket for universell utforming av IKT.

Tenk deg at du skal flytte til ein ny kommune. Du ser etter praktisk informasjon som arbeidstilbod, kulturliv eller kor barna dine kan gå på skule. På kommunen si nettside finn du ikkje informasjonen du leitar etter, fordi kommunen legg all informasjon ut på sosiale medium, som til dømes Facebook. Men tenk deg at du av ulike grunner ikkje kan eller ynskjer å nytte Facebook. Kva då?

Ingen ønskjer å stenge enkeltmenneske eller grupper ute frå informasjon som dei treng. I Norge har vi difor eit regelverk om universell utforming av IKT, som skal fjerne digitale barrierar i samfunnet, med mål om at informasjon blir tilgjengeleg for flest mogleg. Desse krava gjeld også når private og offentlege verksemder brukar sosiale medium som informasjonskanal.

Rapport konkluderer med lovbrot

I februar lanserte kommunikasjonsrådgjevar Alf Tore Meling i "I all offentlighet" utgreiinga Sosiale kommuner og universell utforming (ekstern lenke), om kommunane sin bruk av Facebook sett opp mot diskrimineringslova som krev universell utforming av IKT. Hovudrapporten konkluderer med at kommunane i Norge sin bruk av Facebook bryt med lova.

Korleis bruke Facebook lovleg?

For mange er Facebook ein viktig informasjonskanal for å kunne delta i samfunnet. Dei fleste av oss synest at Facebook er enkelt og nyttig å bruke, og dette inkluderer også personar med nedsett funksjonsevne.

Å bruke Facebook som informasjonskanal er i seg sjølv ikkje eit brot på regelverket. Det handlar om korleis vi brukar Facebook sett opp mot korleis vi brukar andre kanalar. Dei som publiserer må difor vere bevisste på at dei når ut med informasjonen til alle.

Facebook er ikkje verst i klassen, men har framleis utfordringar som kan gjere det vanskeleg eller umogleg for enkelte brukarar å få tilgang til informasjon. Slik Facebook er lagt opp er det i dag ikkje mogleg å endre Facebook sitt grensesnitt, og du har heller ikkje mykje fleksibilitet når du skal publisere innhald. Vi veit at Facebook jobbar med å gjere løysinga betre, og i framtida er det godt mogeleg at Facebook kjem til å oppfylle alle krava.

Lik tilgang til informasjonen

Dersom vi tek ansvar for korleis vi informerer, og tenker på at summen av kanalane skal gi lik tilgang til informasjon for alle, er det ikkje noko i vegen for å bruke Facebook eller andre sosiale medium som eit supplement. Det kan gjere det enklare å spreie bodskapen til fleire brukarar og generere meir trafikk til si eiga heimeside.

Så når du skal legge ut noko på nettet, tenk på: Kva vil eg kommunisere? Får alle tilgang til det eg legg ut? Kven er målgruppa? Kva kanal er rett for denne målgruppa?

Hugs, det handlar om at alle skal ha lik tilgang til informasjon.

Kva skal du tenke på?

Lik tilgang informasjon:

  1. Bruk eigne nettsider som hovudkanal, suppler med andre kanalar.
  2. Bruk sosiale medium til å spreie informasjon og generere meir trafikk til hovudsida.
  3. Bruk fleire kanalar for å nå flest mogleg brukarar – ikkje legg innhald eksklusivt på ein type sosialt medium, som til dømes Facebook.
  4. Legg eventuelt til rette for at diskusjon som oppstår på sosiale medium også kan vere synleg på nettsida – til dømes ved embedding.
  5. Vurder også samla ekstern kommunikasjon på ei eiga side på hovudsida (ei underside, ikkje framsida). Slik vil brukarar av hovudsida også sjå kva som skjer i andre kanalar, og du kan slik flytte samfunnsdebatten inn til hovudsida. 

Når du publiserer:

  1. Vurder publikummet ditt. Kven skal du nå fram til? Bruk rett kanal deretter.
  2. Bruk eit klart og tydeleg språk.
  3. Tenk på alt-tekst til bilde. På Facebook blir kommentaren til bildet brukt som alt-tekst. Hugs å tenke over om kommentaren er beskrivande for bildet.
  4. Unngå bilde av tekst. Unngå å publisere tabellar og liknande der informasjonen er skriven inne i bildet. Skriv heller informasjonen i kommentarfeltet, eller gjengi same informasjon som på bildet i kommentarfeltet.
  5. Tekste video som er førehandsinnspelt. På Facebook kan du legge ved tekst til videoar du publiserer.
  6. Dersom du laster opp eller lenker til elektroniske dokument (som til dømes pdf og html), må du også passe på at dei er gjort tilgjengelege.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.