Tenk på tilgjengelegheit på nett i dag! Den tredje torsdagen i mai kvart år markerer web-utviklarar over heile verda Global Accessibility Awareness Day - Internasjonal dag for merksemd rundt tilgjengelegheit.

Biletet av logoen til Global Accessability Awareness Day
 
 

I dag er det dagen for å lære om digital tilgjengelegheit. Følg med på direktesendte webinar om tilgjengelegheit gjennom 24 timar på Inclusivedesign.org. Det første starta kl. 02.00 norsk tid i dag.

Målgruppa er alle som jobbar med design og webutvikling og som er opptekne av brukarvenlege løysingar. Dette er dagen då så mange som mogleg skal snakke, tenke og lære om tilgjengelegheit på nett og om ulike brukarbehov.

Vi ser på markeringa som viktig for universell utforming. Vi håpar den kan vere med på å få fleire til å forstå og lære korleis vi kan lage gode løysingar som fungerer for alle. Vi i tilsynet likar å framheve at når vi snakkar om tilgjengelegheit, så må vi snakke om tilgjengelegheit i form av universell utforming, og ikkje i form av særløysingar. Universell utforming er å lage løysingar som er gode for alle.

Tanken bak

Ideen med ein verdsomspennande merkedag for tilgjengelgeheit starta med eit blogginnlegg skrive av web-utviklar Joe Devon i Los Angeles i 2011. Bloggen vart tvitra, og ein tilgjengelegheitsekspert i Toronto, Jennison Asuncion, fanga det opp og tok kontakt med Joe Devon. Dei slo seg saman for å starte opp med ideen om ein dag som skal vere eit årleg arrangement med webinar og blogging. Les meir om dette på Globalaccessibilityawarenessday.org

Gjennom sosiale medium vart ideen spreidd og det første året vart dette markert i India, England, Usa, Canada og Quatar. I dag vert dagen markert i enno fleire land.

Tenk på det, lær litt om det og opplev digital tilgjengelegheit - det er tanken bak ein slik dag. At alle webutviklarar skal bli merksame på kva dette vil seie.

Intervju

Sjå intervju med Jennison Asuncion på You Tube, intervjua av Dr. Jonathan Hassel, britisk tilgjengelegheitsekspert. 

Forfatter

Portrettbilde av Torhild Brudvik
Torhild Brudvik
Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet i Difi

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.