Vi veit at mange allereie jobbar godt med universell utforming, men målinga vår syner at me har framleis ein veg å gå for at nettsidene våre skal vere like gode å bruke for alle.

I sommar lanserte vi ein rapport som viser at norske nettstader ikkje er gode nok på universell utforming. Gjennomsnittleg scorar nettstadene 51 prosent i målinga – på mange måtar kan vi derfor seie at vi per i dag er om lag halvveges. Kva betyr halvveges i denne samanhengen? Er det bra eller er det dårleg? Eg vil då minne om at hundre prosent score ville vere å oppnå minimumskrava til universell utforming. 

Nettstadene vi målte var rett nok ikkje definerte som nye løysingar og derfor ikkje omfatta av krava enno. Men om fem små år er overgangsfasen over og då skal alle nettstader minst ha hundre prosent score. Vi veit at mange allereie jobbar godt med universell utforming, men målinga vår syner at me har framleis ein veg å gå for at nettsidene våre skal vere like gode å bruke for alle. Og det betyr at fleire må bli gode på universell utforming. Fordi krava er minimumskrav.

Difi jobbar med å vegleie om krava. Vi legg ut løysingsforslag på uu.difi.no. Vi er i gang akkurat no med å utvide desse. I tillegg til vegleiing på nettsida vår, har vi satsa på møter og seminar. I november hadde vi ein fagdag om universell utforming av nettløysingar i Oslo. Målgruppa var kommunikatørar, nettredaktørar og designerar. Vi inviterte desse for å løfte deira kunnskap om krava til universell utforming for nettsider, og gi motivasjon til å kome i gang.

Vi trur at dersom du set deg inn i krava og forstår meininga med dei, er det lettare å jobbe mot dei. Mange spør tilsynet om hjelp og seier at dette med universell utforming kan vere vanskeleg å få grepet på. Med denne fagdagen håpar vi å skape ei betre forståing av regelverket og kva universell utforming av IKT er i praksis.

Sjå gjerne oppptaka frå fagdagen, vi håpar dei kan vere nyttige for dykk som var til stades og for dykk som ikkje hadde anledning til å delta.

Forfatter

Portrett av Malin Rygg
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsyn for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.