Illustrasjon av skrivebord med filmtittel Ein introduksjon til universell utforming av IKT

Vi er glade for å kunne lansere filmen vår med 24 tips om universell utforming for nettredaktør, designer og utvikler. Filmen er ein kort teiknefilm med konkrete tips til korleis du jobbar med universell utforming. Den gir ikkje alle svar, men er ein introduksjon som hjelper deg på veg.

Film med 24 tips

Vi erfarte etter fagdagen i november at fleire etterlyser ei kjapp innføring i universell utforming. Vi tok dykk på ordet og lagde ein informasjonsfilm med 24 konkrete tips som svarar på korleis du kan gjere ei nettløysing universelt utforma. Målgruppe er deg som jobbar med

  • design
  • koding
  • innhald på nett

Nokre av dykk har sett filmen før, sidan vi undervegs i arbeidet i desember la vi ut eitt og eitt tips på nettsidene våre i form av ein julekalender, og ferdig film publiserte vi 24. desember. No har vi pussa litt på lyden og er stolte over å kunne presentere den til alle som jobbar med innhald på nett, design og koding.

Filmen varer i 6 minuttar og det er ei kort innføring som sjølvsagt ikkje gir alle svar. Men den hjelper deg på veg og gir deg gode knaggar til å gi deg meir forståing for kva dette er.

Vår nye film er meir konkret enn fjorårets tominuttarsfilm, og er basert på den britiske informasjonsfilmen Make Technology Work for Everyone: introducing digital accessibility, laga av stiftinga Citizen Online

Sjå filmen

Film: Ein introduksjon til universell utforming av IKT

Nye sjekklister og råd 

Denne veka har vi lagt ut nye råd, sjekklister og løysingsforslag som vi håpar kan vere til nytte for deg som er prosjektleiar, nettredaktør og innhaldsansvarleg.

Dette er nytt:

Kom i gang

Er du ansvarleg for innhald, er prosjektleiar eller vil sjekke nettstaden din? I vårt nye menypunkt Kom i gang finn du tips til redaktøren, om testing, om utviklingsprosessen og om brukartesting med funksjonshemma.

Nye løysingsforslag

Vi foreslår løysingar til korleis du kan følgje lovkrava til nettsider. Vi kalla dette tidlegare for uu-skolen, no heiter det løysingsforslag for web. Nytt no er fire nye undertema.

Særleg for design og koding

Vi har utvida nokre av løysingsforslaga våre.

For alle - Menypunktet Kven er brukarane dine?

Eit nytt menypunkt Kven er brukarane dine? viser deg kva utfordringar mange møter på nett, særleg personar som har svekka syn, høyrsel eller slit med konsentrasjonen. Du får ei kort innføring i utfordringar og moglegheiter. Sjå også sjekkliste for korleis teste for dei ulike utfordringane.

Til slutt

Tusen takk for alle gode spørsmål og innspel! Fortset med det. Håpar filmen og våre råd og forslag kjem til nytte. Sjå film, les, forstå og set i gang. Og send gjerne spørsmål til oss på uu@difi.no dersom det er noko du lurer på. Vi svarar på konkrete spørsmål om universell utforming av IKT innan ti verkedagar.

Forfatter

Portrettbilde av Torhild Brudvik
Torhild Brudvik
Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet i Difi

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.