I dag bloggar eg om fleire saker som er verd å få med seg i dag og framover. I dag er det Global Accessibility Awareness Day (GAAD) for femte år på rad og du kan mellom anna følgje med på webinar heile døgnet. På tirsdag kveld kan du høyre og sjå meg på videointervju på Twitter, og i EU er det lagt fram eit forslag til direktiv om tilgjengelgeheit på web, samt på varer og tenester.

GAAD

Akkurat i dag 19. mai kan du følgje ekstra mykje med på temaet tilgjengelegheit på nett. I dag er det Global Accessibility Awareness Day (GAAD) for femte år på rad. Målet med dagen er å få alle til å snakke, tenke og lære meir om digital tilgjengelegheit og om brukarar med ulike funksjonsnedsettingar.  

Les bloggen til Joe Devon som var inspirasjonen for å starte opp GAAD.

Webinar no og heile døgnet

Blant mange ulike arrangement i dag, kan du for eksempel følgje med på ei heil rekke direktesendte webinar på InclusiveDesign.org, dei starta i natt og blir sendt fortløpande heile dagen og kvelden. 

Film

På GAAD i fjor lanserte den britiske stiftinga Fix the web filmen Make Technology Work for Everyone: An introduction to Digital Accessibility. Vi vart inspirerte og lagde ein tilsvarande som vi lanserte i mars: Ein introduksjon til universell utforming av IKT. Filmen gir 24 tips til korleis du jobbar med universell utforming av nettløysingar. I samband med GAAD, sendte stiftinga ut ei pressemelding i går der eg fortel kort om filmen. I England har filmen også inspirert fleire aktørar til å jobbe meir med tilgjengelegheit på nett, og eg håpar vår film kan gi same effekt her i Norge. 

Les pressemeldinga frå Fix the web.

Twitterchat 

Følg med på tilgjengelegheit og universell utforming vidare. På tirsdag 23. mai kl. 21.00 blir eg intervjua av britiske Neil Milliken som er ein av tre som driv Europas største Twitterchat om temaet tilgjengelegheit - AXSChat. Der vil eg fortelje om det norske regelverket om universell utforming av IKT og korleis vi følgjer opp dette. 

EU

Europakommisjonen legg no fram forslag om direktiv om tilgjengelegheit på web, samt på varer og tenester. Utkast til direktiv er no på høyring og direktiva vil gi mange meir tilgjengelege varer og tenester. Vi følgjer spent med på det som skjer i EU på dette området.

Meir om EUs forslag til webdirektiv og tilgjengelegheitsdirektiv kan du lese på Kommisjonens nettsider. 

Pressemeldinga frå Kommisjonen kan du lese på Komminsjonens nettsider.

 

Forfatter

Portrett av Malin Rygg
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsyn for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.