Vi snakkar ofte om at ei universelt utforma nettside er til hjelp for personar med dysleksi og lese- og skrivevanskar. Men vi får ofte spørsmål om lovkrava til universell utforming eigentlig dekker dette. Ja, det gjer dei. Vi oppsummerer derfor her kva vi brukar å svare på det.

Fleire av minstekrava i standarden WCAG 2.0 legg til rette for at nettsider blir meir brukarvenlege for personar med dysleksi og språkvanskar. Det omfattar blant anna at

  • nettsider skal vere koda slik at det er mogleg å lese opp innhaldet med ulike verktøy, for eksempel skjermlesar.
  • innhaldet på nettsidene skal vere koda med rett språk. Dette sikrar opplesing med rett stemme i verktøyet (for eksempel slik at engelsk tekst ikkje blir lesen opp med norsk uttale).
  • det skal vere mogleg å stoppe alt lydinnhald på nettsidene, slik at brukaren kan høyre kva som blir lesen opp av opplesingsverktøyet.
  • nettsider ikkje skal laste på nytt automatisk. Dette kan føre til at brukarar mistar tråden og må orientere seg på sida og i teksten på nytt.
  • bilder skal ha alternativ tekst.
  • det skal vere god kontrast mellom all tekst og bakgrunn.
  • nettsider skal vere laga slik at det er mogleg å forstørre innhaldet, for eksempel ved å bruke innstillingar i nettlesaren.
  • nettsider har beskrivande overskrifter og mellomtitlar. Dette gjer det lettare å skumlese og orientere seg i teksten.
  • skjemafelt har gode instruksjonar og konstruktive feilmeldingar.

Ta gjerne med klart språk ...

På nivå AAA i WCAG har standarden fleire krav som vil hjelpe personar med dysleksi og språkvanskar. Desse krava er ikkje ein del av minstekrava i forskrifta. Vi minnar gjerne om kva standarden seier her likevel, sidan vi håpar alle gjerne strekk seg litt lengre for å lage så gode nettsider som mogleg:

  • Det er viktig å skrive tekst på eit klart og tydeleg språk, og at språket ikkje krev «leseferdigheter på et nivå som er høyere enn det som forventes etter norsk ungdomsskole», som det heiter i suksesskriterie 3.1.5 om leseferdigheit.
  • Uvanlege ord og forkortingar skal ha forklaring.
  • Det skal finnast ein funksjon for å forklare ord som blir skrive likt, men uttalt ulikt. Dei orda kallar vi homonym og eit eksempel kan vere ordet lyst som adjektiv, det er lyst ute, og lyst som substantiv, eg har lyst til å kjøpe meg båt.

Les meir om klart språk på klarspråk.no.

Skal du kunne velje kontrast, forstørre tekst og ha talesyntese?

Vi får ofte spørsmål om lovkrav seier at du sjølv skal kunne velje kontrast eller ein knapp til å forstørre tekst på nettsidene. Forskrift om universell utforming av IKT-løysingar stiller ikkje krav om dette, heller ikke om innebygd talesyntese.

Tilsynet rådar ikkje verksemder om å ta vekk eller ikkje ha slik funksjonalitet, men vi har plikt til å opplyse om at dette ikkje er omfatta av regelverket. Det er opp til den enkelte verksemda å vurdere om dei ønsker å tilby slik funksjonalitet til brukarar.

Les våre forslag til løysingar

Du kan lese meir om korleis følgje krava på tilsynet sin nettstad i forslaga til løysingar for web.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

2 Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Kommentarer

Hei! Jeg har et spørsmål ang lesesvakes rettigheter mht opplesing av nettsider - legger ved deres punktene og mine spørsmål i CAPS LOCK. Setter stor pris på svar på et viktig tema "UU FOR LESESVAKE SENIORER"

* nettsider skal vere koda slik at det er mogleg å lese opp innhaldet med ulike verktøy, for eksempel skjermlesar.

SPØRSMÅL: EN STOR ANDEL AV ELDRE 75+ BLIR LESESVAKE, OG DE OPPLEVER LESEVANSKER SPESIELT I FORHOLD TIL DIGITAL TEKST - FINNES DET DEMONSTRASJON PÅ BRUK AV SKJERMLESER PÅ uu.difi.no SOM DENNE MÅLGRUPPEN KAN BENYTTE?

DET SIES F.EKS SKJERMLESESER - HVILKE ANDRE EKSEMPLER HENVISES DET HER TIL?

Dette blir som å si til en rullestolbruker at 'bygningen er universelt utformet', men du må ta med egen rampe.
WCAG 2. 0 har som nevnt mange fine funksjoner som hjelper opplesing med talesyntese. Problemet er bare at den brukergruppe det gjelder (AFASI, tåkete syn, dysleksi etc.), har ikke egen syntese. De løsninger som finnes i operativsystemene er laget for blinde som har en helt annen måte å navigere på. I tillegg er disse så vanskelig tilgjengelig at de ikke er egnet for denne sårbare brukergruppen.
DIFI burde ha som fokus "Hva er best for alle brukergrupper, også de som har problemer med å lese". Vi snakker om 20-30% av den voksne befolkning.