To barn som spelar på nettbrett. Barn i dag veks opp med digitale løysingar og dei representerer her brukaren i framtida.

Her er sju grunnar til leiarar og medarbeidarar om kvifor dei skal tenke på universell utforming. Frå no. Det gjeld dykk alle som jobbar med web.

Dei sju grunnane, for å seie det først, er inspirert av David Bermans gjesteblogg om kvifor webdesignerar bør tenke på universell uforming. Eg tok idéen hans då eg skulle snakke på Digitaliseringskonferansen i juni om kvifor universell utforming er relevant, lurt og smart for oss alle.

Grunn 1 Samfunnsøkonomisk

Vi startar med ein litt kjedeleg grunn først, men universell utforming er altså samfunnsøkonomisk. Mange tenker at universell utforming berre er for nokre få. Det gjeld berre eit par blinde og nokre andre med spesielle funksjonshemmingar. Vi får ofte høyre at folk heller vil designe for det store fleirtalet. Eller som ein nettredaktør i ein kommune sa til oss ein gang:

«Det er ingen blinde i vår kommune.»

Så derfor har vi teke jobben med å samle nokre tal for å sette det i perspektiv og for å gi eit lite bakteppe for kor mange som vil ha nytte av at du gjer nettsida di universelt utforma.

Brukartal

  • Høyrsel: I Norge er det 700 000 høyrselshemma, i følgje Statlig spesialpedagogisk tjeneste (Statped). Høyrsel er det vanlegaste sansetapet når vi vert eldre. I tillegg melder Forsvaret om at fleire rekruttar enn før slit med svak høyrsel.
  • Teiknspråk: Vi har om lag 15 000 som brukar teiknspråk, som er rekna for å vere eit eige språk. 5000 av desse er døve.
  • Blinde: I følge Norges Blindeforbund er det 180 000 som har så svekka syn at dei vert rekna som syshemma. I tillegg har vi ofte synstap med alder.
  • Lesevanskar: Det er over 700 000 med lesevanskar – 430 000 av desse har dysleksi.
  • Eldre: Det er 740 000 eldre over 67 år ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ikkje ei funksjonsnedsetting å vere eldre, men mange ser og høyrer etter kvart litt dårlegare, har litt dårlegare korttidsminne og har dårlegare motorikk i hender og armar.
  • Norsk som andrespråk: Det er 690 000 med norsk som andrespråk, i følge SSB. No vil eg jo kanskje først seie at det er jo oss med norsk som førstespråk som har ei funksjonsutfordring i ei verd påmed sju milliardar menneske, men i møte med norske nettsider vil det kunne vere ei utfordring å ikkje ha norsk som morsmål.

Store brukargrupper

Statistisk sentralbyrå (SSB) har rekna ut at talet på eldre vil auke vesentleg løpet av dette hundreåret. Dette er ein konsekvens av at dei store etterkrigskulla blir eldre samtidig som levealderen aukar. Medan kvar tiande person er over 70 år i dag, vil kvar femte person i Norge i 2060 vere over 70 år.

Digital Agenda peiker på fleire usikkerheitsmoment som kva som skjer med oljepris og oljeindustri og at det kan komme fleire flyktningar, til dømes, og at vi må jobbe smartare i framtida. Det inneber digitalisering.

Må til for å digitalisere

Vi meiner det gir liten meining å snakke om vellukka digitalisering dersom du stenger ute store brukargrupper. Som Jan Tore Sanner seier, kan digitalisering gi eit meir inkluderande samfunn som gir moglegheiter for alle, men då er universell utforming ein føresetnad for å lukkast.

"Digitalisering kan gi et mer inkluderende samfunn som gir nye muligheter til alle. Universell utforming er en forutsetning for å lykkes." Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Grunn 2 Enklare

Mange meiner universell utforming er dyrt og vanskeleg. Men det er ikkje tvil om at universell utforming gjer det enklare – i alle fall for brukarane. Eg meiner at vi ikkje kan snakke om brukarvenlegheit utan universell utforming.

Kven brukar sida di?

Veit du kven som eigentleg brukar sida di?
 
Her har vi laga eit lite, fiktivt utsnitt av brukargruppa di:

Anna – 24 år 

  • Nyutdanna siviløkonom
  • Svensk, men jobbar i Norge, frå Bjuv, nord for Gøteborg
  • Fargeblind
  • Sit i rullestol
  • Kan ikkje lese grafar som berre har farge
  • Syns særleg offentlege dokument på norsk kan vere vanskeleg å lese

Therese – 34 år

  • Sjukepleiar på Voss
  • Tidlegare langrennsløpar
  • Har ADHD
  • Kan vere vanskeleg å konsentrere seg
  • Dysleksi
  • Kan vere vanskeleg med lesing og skriving av særleg lange tekstar

Gunnar – 56 år

  • Arkitekt
  • Likar å gå toppturar
  • Fødd med nedsett høyrsel og brukar høyreapparat – ser video med tekst
  • Leddgikt og stiv i fingrane – mus og tastatur er vanskeleg på dårlege dagar

Universell utforming skal gjere det enklare for alle brukarar. Og med dette som eit lite utsnitt av brukargruppa, så er det derfor vi seier at neste grunn er at universell utforming gir like moglegheiter for alle.

Grunn 3 Like moglegheiter

Universell utforming gir like moglegheiter– også i den digitale verda. Dette er ingen ny tanke. Mange snakkar som om universell utforming er noko rart og nytt som kom i fjor. Men tilgjengelegheit for alle er essensen av Internett.

Tim Berners Lee, også kalla oppfinnaren av Internett, har sagt at

«Internetts styrke er at det er universelt. Tilgjengelighet for alle er essensielt, uavhengig av funksjonshemming».

Men kven skal vi eigentleg designe denne nettsida for då? Skal vi rette den inn mot gjennomsnittet?

Kven er normalbrukaren?

Finst det ein normalbrukar? Her vil eg dra fram ei historie. På 40-talet hadde United States Air Force eit problem. Pilotane mista kontroll over flya med opptil 17 krasj på éin dag. Etter fleire undersøkingar var konklusjonen at det verken var ein menneskeleg eller mekanisk feil. Så kva var det?

Cockpit i flyet var designa etter nøye mål av hundrevis av pilotar, frå målingar utført tjue år tidlegare. Var pilotane blitt større? Når hæren skulle designe sin aller første cockpit i 1926, målte ingeniørane dei fysiske måla til hundrevis av mannlege pilotar, og brukte dataene til å standardisere dimensjonane på cockpiten alt frå form på hjelm, til distanse til pedalar og ratt. 

For å få nye tal å jobbe ut frå, tok hæren mål av 4 000 pilotar og oppdaterte gjennomsnittet med desse nye måla. Alle var sikker på at dette ville gjere cockpiten betre tilpassa for dei fleste.

Men ein ung forskar var i tvil. Lt. Gilbert S. Daniels var nyutdanna frå Harvard der han hadde studert den menneskelege handa. Han bestemte seg for å finne ut kor godt dei nye måla passa pilotane. Han registrerte alle som kom innanfor ein slingringsmonn på 30 prosent for gjennomsnittet. Mange tenkte at naturlegvis vil dei aller fleste pilotar vere innanfor gjennomsnittet på dei fleste måla. Hugs at pilotane allereie var rekrutterte fordi dei tilsynelatande var av gjennomsnittleg størrelse. 

Det var derfor ei stor overrasking då resultatet viste kor mange som var innanfor gjennomsnittet på alle ti måla. Ingen! Også Daniels var overraska.

Det er ingenting som heiter ein gjennomsnittleg pilot. Dersom du designar ein cockpit til å passe til gjennomsnittet, har du faktisk designa den til å ikkje passe til ein einaste ein.

Designe for the extremes

I presentasjonen viste eg ein illustrasjon inspirert av Denis Boudreau, som viser den "gjengse brukar" i midten, med ytterpunkta på sidene. Dersom du brukar tilnærminga til hæren, fokuserer du på midten, altså på gjennomsnittet og den "gjengse brukar". På det eine ytterpunktet har du brukarar av smarttelefon, med ein liten skjerm som krev responsive design. På den andre ytterkanten har du dei største brukarutfordringane, og ein med nedsett syn treng det same på si eining som han med liten skjerm.

Rådet vårt er derfor å designe for ytterpunkta. Gjer du det, vil dei i midten følgje med automatisk. På den måten har du favna alle.

Finn.no

Nokon som har jobba systematisk med universell utforming og har fått positive erfaringar, er Finn.no.

Ein av app-utviklarane oppdaga at når han møtte på problem ved testing med skjermlesar og tastatur, var det faktisk fordi funksjonaliteten var vanskeleg generelt. Når han då forenkla funksjonaliteten, vart det lettare for alle å bruke appen.

Lotte Johansen, seniorutvikler, FINN.no seier:

"Før ble universell utforming sett på som noe negativt og som ekstra-arbeid. Etter Finn.no begynte å jobbe aktivt med universell utforming i form av foredrag, workshops og brukertester, har holdningen endret seg. Nå har utviklere forstått at ved å lage løsninger som fungerer for folk med funksjonsnedsettelser, lager vi løsninger som er enklere for ALLE!"

Grunn 4 Smart

Den neste grunnen til å tenke litt meir på universell utforming er at det er smart! Kort og godt. Det er bra for brukarane, men det er også smart for deg.

Google – SEO

Universell utforming gjer sida di optimalisert for søk. Google er verdas største blinde brukar. Google brukar akkurat dei same verktøya som ein skjermlesar for å finne innhald.

Gøymer du innhaldet ditt for blinde – gøymer du det også for Google. Not so cool?

Mobiltilpassing

Universell utforming gjer sida di betre å bruke for mobil. Det som er bra for ein med synshemming vil automatisk gjere sida di betre på mobil. God kontrast er smart når du les på mobilen ute i sola. Godt synleg lenkemarkering er smart når du navigerer med fingeren og ikkje med mus eller tastatur. Responsivt design gjer at innhaldet tilpassar seg skjermstørrelsen automatisk, noko som gir ei betre brukaroppleving.

Google straffar dei som ikkje er mobiltilpassa

Denne nyheiten sto på trykk i mange nettaviser 21. april 2015:

«Google vil straffe nettsider som ikkje er mobiloptimaliserte»

Google la då om algoritmane sine og ein konsekvens var at søk frå mobile einingar prioriterte mobilvennlege nettstader høgast.

Grunn 5 Lønnsamt

Universell utforming er ikkje berre lønnsamt for samfunnet – det er lønnsamt for bedriftene. Dette er eit enkelt reknestykke. Jo fleire tenester den enkelte kan utføre sjølv, jo billegare er det. Ei nettside som ikkje er universelt utforma kan stenge ute så mykje som 30 prosent. Desse vil då framleis ha bruk for manuell hjelp – ved telefon eller skranke. Det er dyrt for den enkelte verksemda, det er dyrt for samfunnet og det er ei dårleg løysing for den enkelte.

Skal du klare å ta ut gevinstane, må du bygge ned dei dyre manuelle tjenestene så langt som mogeleg.

Nokon som har skjønt dette er til dømes Stormberg, som gjorde nettstaden sin universelt utforma før forskrifta sette krav til det. Det var ikkje berre omdømmemessig lurt, men ga også gode resultat på sal via mobil. I 2014 tredobla salet på mobil seg – og universell utforming var ein strategi for å møte etterspurnaden på denne kanalen.

Grunn 6 Framtidsretta

Universell utforming er framtidsretta. 

Rask teknologiutvikling

Teknologiutviklinga går raskt. Du veit ikkje kva teknologi innhaldet ditt blir presentert på i 2021. Få tenkte på appar i 2008. Framover vil Internet of things skape nye mmoglegheiter og utfordringar. Nye måtar å løyse oppgåver på vil komme jamt og trutt – tenk berre på mobilbetaling eller parkerings-app. Lovverk og standardar er av natur meir statisk – det er viktig at dei er teknologinøytrale.

Internasjonal standard

Norsk regulering er i eit globalt marked, men WCAG, standarden for tilgjengelegheit som den norske lova peikar på, er internasjonalt anerkjent. Om ikkje du vil bruke WCAG, tenk over kva andre selskap som brukar standarden:

  • Facebook
  • Google
  • Apple
  • Microsoft

Og i mai kom nyheiten om at EU kjem med tilsvarande regelverk: web-directive for offentlege nettstader og accessibility directive for varer og tjenester. Så der ute i verda er dette eit kjent opplegg, men du vil kanskje heller lage di eiga løysing?

Morgondagens brukarar

Brukarane som skal ta i bruk våre løysingar om nokre få år, er barna som sit og leikar med nettbrett. Dei kjem til å leve i eit demografisk sett anna land enn oss. Vi som er 40-50 åringar i dag er 60-70 år i 2036 – vi vil ha ganske andre forventningar til at ting skal fungere. 

For ikkje å snakke om kva forventningar dei som er barn idag vil ha til digitale tenester. Dei har vakse opp i ein digital kvardag, og forventar gode, intuitive saumlause tenester. Det ser eg berre på min son på sju år – han har allereie den innebygde haldninga at dersom det ikkje fungerar, så er løysinga for dårleg! Ikkje som mange av oss idag, som trur det er meg det nokon i vegen med. Det er nok eg som ikkje skjønnar dette, tenker mange. Den haldninga har ikkje sonen min, i alle fall.

Grunn 7 Lovkrav

Uansett - om du ikkje synest dei seks foregåande grunnane var gode nok; universell utforming er faktisk pålagt ved lov!

Lovkrav og tilsyn

Frå 1. juli 2013 vart universell utforming lovpålagt gjennom forskrift om universell utforming av IKT, det vil seie nettløysingar og automatar.

Alle nye løysingar skal no utformast i samsvar med krava.

I 2021 skal alle løysingar følge dei nye krava.

Og Difi fører tilsyn – og vi fører kontrollar der det er

  • store brukargrupper
  • der tenestene er viktige for den enkelte i kvardagen
  • der vi ser at det er låg etterleving av regelverket

Kven gjeld det for?

Alle verksemder må følgje forskrifta og då meiner vi alle verksemder i

  • Statleg sektor
  • Kommunal sektor
  • Privat sektor
  • Lag og organisasjonar

Og vi ser at tenestene ikkje er gode nok på dette enno.

Fem år utan nettbank?

Resultata frå vår statusmåling for universell utforming av nettstader i 2014 viste at verksemdene i undersøkinga samla seg rundt 50 prosent. Dei oppfylte altså omtrent halvparten av krava. Kva skal vi seie om det? Kanskje ikkje så verst å vere om lag halvveges? Problemet er at minimumskravet er hundre prosent. Minimum. Og i 2021 skal alle verksemdene har passert det. Det er berre fem små år til.

Hugs at om vi synest at fem år er kort tid – så er fem år utan tilgang på nettbanken utan hjelp faktisk ganske lang tid.

Derfor håpar eg no at de alle går heim med gode grunnar i bagasjen til å starte å jobbe med universell utforming – og at de har fått med dykk at neste gong de skal digitalisere ei teneste, sørg for at den er universelt utforma.

For å lære meir – gå gjerne inn på våre nettsider uu.difi.no for å lese meir. Eller ta kontakt med tilsynet på uu@difi.no eller på telefon 02148. Eller følg oss og diskuter med oss på Twitter @uudifi eller på Facebook Tilsyn for universell utforming av IKT

Takk for meg!

Dette blogginnlegget var manus for Malin Ryggs foredrag, 7 grunnar til universell utforming - Preparing to fail, på Digitaliseringskonferansen 10. juni 2016 i Oslo.

Sjå videoopptak av Malin Ryggs 7 grunnar til universell utforming - Preparing to fail - på Difis Vimeo.

Bla gjennom presentasjonen 7 grunnar til universell utforming - Preparing to fail - i Slideshare.

Forfatter

Portrett av Malin Rygg
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsyn for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.