Ein universelt utforma og utplassert automat aukar sjansane for at alle som ønskjer å bruke automatar kan lukkast. Korleis du gjer det, ser du i den nye rettleiaren vår.

Alle som eig ein butikk, kiosk eller ei verksemd og som har ein betalingsterminal eller ein anna type automat, har eit ansvar for å kjenne til og følgje krava til universell utforming. Tilsynet startar no med kontrollar, men vi vil òg informere og hjelpe verksemdene med å følgje krava. Derfor har vi laga denne rettleiaren.

Rullestol, barnevogn, høgde? … vi hjelper deg

Rettleiaren bygger på utvalde krav som små og mellomstore verksemder kan gjere noko med og rette sjølve. Rettleiaren hjelper deg å plassere automaten på rett måte, slik at flest mogleg av brukarane klarer å bruke den.

Rettleiaren er delt inn i minstekrav og tilrådingar. Minstekrava er du lovpålagt å følgje. Tilrådingane er frivillige, og gjeld forhold det er lurt å tenkje på, slik at fleire kan bruke automaten din.

Rettleiing og film

Du finn rettleiinga på våre sider om automatar. Bla gjennom innleiing og fire delar som handlar om å finne automaten, komme fram til automaten, beteningsområdet og omgjevnader og om å bruke automaten.

I menypunktet om automatar kan du sjå 2-minuttarsfilmen om universell utforming av sjølvbeteningsautomatar, som vi lanserte sist veke.

Lovpålagt og lurt

Det er lovpålagt at nye sjølvbeteningsautomatar retta mot innbyggarar i Noreg er universelt utforma. Universell utforming skal sikre at du ikkje stenger nokon ute frå å bruke dei. Dessutan er det ein gevinst på lang sikt for verksemdene når fleire kan bruke tenestene sjølve.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.