Elevar står i startgropa i livet. Det å få delta og gjennomføre skulegangen, levere lekser, oppgåver, leveringar og gruppearbeid er viktig for den enkelte og det er viktig for skulen. Eg ser at utanforskapen er stor når du ikkje får gjere dette på lik linje med dei andre.

Tenk på eleven

Nasjonaldagen vår er rett rundt hjørnet og vi gler oss til ei festmarkering der barna står i sentrum. 

I år er 17. mai også dagen for den årlege internasjonale markeringa Global Accessibility Awareness Day (GAAD). Tanken bak GAAD er å få alle til å snakke om, tenke på og lære meir om universell utforming av ikt og inkludering uansett funksjonsevne. 

Eg håpar at frå i år vil universell utforming vere ein snakkis blant enno fleire, fordi frå i år er ein stor, viktig sektor innlemma i regelverket. Skule- og utdanningssektoren skal frå no følgje krava om universell utforming av ikt.  I løpet av skuleåra vil barn bruke ikt på fleire måtar, både for å få informasjon, gjere lekser og øvingsoppgåver, men også eksamenar og prøvar. På skulen sine heimesider ligg skuleruta, informasjon om SFO og kontaktinfo. På læringsplattformen ligg vekeplanar, lekser og øvingsoppgåver. Der ligg også lenkene til dei digitale læremiddela som skulane brukar. I høgare utdanning er det på nettsidene studentar finn pensum og informasjon, leverer oppgåver.

Elevar står i startgropa i livet. Det å få delta og gjennomføre skulegangen, levere lekser, oppgåver, leveringar og gruppearbeid er viktig for den enkelte og det er viktig for skulen. Eg ser at utanforskapen er stor når du ikkje får gjere dette på lik linje med dei andre. 

Frå no skal ikt i skulen følgje lovkrav som er utvalde krav i standarden WCAG 2.0, og standarden tek omsyn til utfordringar med syn, høyrsel, motorikk og kognisjon som mellom anna lese- og skrivevanskar
Tilsynet har starta eit prosjekt for å identifisere kva behov denne sektoren har for rettleiing. I haust og denne våren har vi hatt gode dialogmøter med Utdanningsdirektoratet, NDLA, Universell.no og fleire, og vi vil lage webinar, møter og meir rettleiing på uu.difi.no framover.

Eg håpar derfor snakkisen om universell utforming av ikt tek av og gir alle elevar og studentar ein god, lærerik digital kvardag.
 

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.