I dag lanserer vi ein ny rapport som beskriv metoden vår for å sjekke om ei nettside er universelt utforma. Den kan du gjerne lese for å teste di eiga løysing også.

Då tilsynet vart etablert i 2013, hadde vi ingen metode som var eigna for bruk ved kontroll og for utøving av myndigheit, for å måle om ei nettløysing var i tråd med WCAG 2.0. Dei norske lovkrava sa at nettsider skulle følgje 35 av suksesskriteria i denne standarden, men korleis kunne tilsynet måle det?

Dermed starta vi opp eit arbeid med å lage indikatorar og testreglar, som vi publiserte for første gong i fjor. Metoden blir brukt både ved kontrollar og ved statusmålingar.

Les om metoden

Korleis vi har tolka krava, kan du lese om i rapporten vi lanserer i dag: «Indikatorar og testreglar for universell utforming av nettløysingar – tolking av WCAG 2.0, nivå A og AA.»

Her dokumenterer vi tilsynet sitt arbeid med

  • tolking og operasjonalisering av minimumskrava til nettløysingar som følger av forskrift om universell utforming av ikt (Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 på nivå A og AA, med enkelte unntak)
  • metodar for test/verifikasjon av nettløysingar og kriterium for vurdering av samsvar eller brot med regelverket
  • ein datamodell som strukturerer testdata/testresultat, saman med metadata og andre informasjonskjelder – som grunnlag for statistikk og analyse
  • metodar for utval av testsider og nettløysingar for verifikasjon og statusmålingar

Rapporten er nyttig også for deg som ikkje er teknolog. Merk deg særleg vedlegg 1 som er ei fin beskriving av kvart lovkrav og kva dei betyr. Til hausten legg vi ut ein engelsk versjon.

Vi håpar at dette kan vere med å gjere det enklare for alle som driv med utvikling og innkjøp av nettløysingar. Med dette kan du sette deg inn i testreglane og indikatorane vi brukar i arbeidet vårt, og slik sørge for at di løysing blir god å bruke for alle.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.