Sist veke fekk vi eit spørsmål på Twitter om i kva grad det er mogleg å etterprøve vurderingar og resultat som vi gjer under ein kontroll av universell utforming med ei verksemd si nettløysing. Her er svaret og kva vi gjorde med det.

Vi fekk spørsmål sist veke på Twitter om etterprøving i tilsynsrapportane og om korleis det kan vere mogleg for andre å etterprøve tilsynet sine vurderingar og resultata etter ein kontroll. Etterpå fekk vi utfyllande spørsmål med fleire innspel tilsendt på e-post. Vi har no sett nærmare på innspela og bestemt oss for å legge til ein del ny informasjon i tilsynsrapportane våre framover.

Endringane vil føre til ei betre kopling mellom suksesskriterium/krav og tema for tilsynet. Vidare vil vi sørge for ei kopling mellom suksesskriteriane og dei konkrete indikatorane vi har brukt for å gjennomføre testinga. Tydelegare koplingar vil vere nyttig både for både verksemda som blir ført kontroll med og for andre som les rapporten. Endringane vil også gjere det enklare å etterprøve vurderingar og resultat.

Nettstadar er dynamiske med fortløpande endringar. Ein tilsynsrapport gir uttrykk for situasjonen på tilsynstidspunktet. Det vil seie då testinga av nettstaden vart gjennomført. Verksemda som blir kontrollert får oversendingsbrev og skjermbilde av feil, i tillegg til sjølve tilsynsrapporten. Når endeleg tilsynsrapport er oversendt til verksemda, vert den publisert på uu.difi.no.

Indikatorane vi testar etter, er publisert på våre nettsider her på uu.difi.no. Kvar enkelt indikator inneheld også informasjon om kva støtteverktøy vi brukar i testinga.

Totalvurdering

Tilsynet vel ut tema for kontroll, enkeltsider på nettstaden, suksesskriterium og indikatorar etter ei totalvurdering av blant anna

  • risiko for svikt/brot på regelverket
  • betydning for brukarane sin rett til likeverdig samfunnsdeltaking
  • viktige brukaroppgåver på nettstaden
  • ulike sidemalar og innhaldstypar
  • kunnskap om vanlege feil, supplert med resultat frå automatisk testverktøy
  • innleiande visuell sjekk og enkle stikkprøvar

Innspel

Vi set stor pris på å få innspel på arbeidet vi gjer og denne gongen gjorde det at vi gjorde ei mindre endring, som vil gjere tilsynsrapporten tydelegare.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar. Malin skriv her på fagbloggen vår om dei ulike spørsmåla tilsynet får.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.