Frå nyttår er Difi historie, men vi går inn i ei ny og spennande tid og vi gler oss. Deler av Difi og deler av Brønnøysundregistera blir det nye Digitaliseringsdirektoratet, og tilsynet blir ein del av dette.

Samtidig med at eit kapittel no er over, startar eit nytt. Tilsyn for universell utforming av ikt har vore ein del av Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) sidan tilsynet vart etablert i 2013. Frå 1. januar i år vil tilsynet vere ein del av det nye Digitaliseringsdirektoratet, som består av Altinn, delar av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og deler av Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi). 

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Reglane for universell utforming av ikt gjeld også privat sektor, og er ein viktig føresetnad for ei vellukka digitalisering. Så mange som mogleg skal ha lik tilgang til digitale tenester, uansett funksjonsevne. 

Som tilsyn i Digitaliseringsdirektoratet vil vi halde fram med arbeidet for eit samfunn utan digitale barrierar - med kontroll, informasjon og rettleiing.

Vi har mange spennande saker i møte i år. Eit nytt regelverk som kjem med EUs webdirektiv er på full fart inn og vi lovar å halde dykk oppdatert. EU peikar på dei same reglane som vi i Norge har følgt sidan 2013 - WCAG. Dette les du meir om på regelverkssidene våre. Vi vil også oppdatere nettsidene våre på fleire måtar i år, følg med. Frå neste år vil dessutan reglane om universell utforming av ikt ikkje berre gjelde nye løysingar, men alle. Tilsynet vil halde fram med å jobbe med informasjon og rettleiing slik at det skal vere enklare for dykk der ute å forstå kvifor du skal tenke på universell utforming og korleis du løyser det. 

Det nye direktoratet sine nettsider er www.digdir.no. Tilsynet si nettside vil halde fram som uu.difi.no inntil vidare.

Forfatter

Profilbilde av Malin Rygg, leder for Tilsynet for universell utforming av IKT
Malin Rygg
Malin Rygg er leiar for Tilsyn for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.