Eg har jobba i Digitaliseringsdirektoratet på Servicesenteret. For fem år sidan vart eg lam i heile kroppen. I denne bloggen skriv eg om utfordringar eg møter når eg skal bruke nettløysingar utan hender.

Eg er ein mann i min beste alder, har jobba i Difi, no Digitaliseringsdirektoratet, sidan 2008. I 2015 vart eg utsett for eit mislukka kirurgisk inngrep som medførte at eg vart lamma i heile kroppen. For å gjera ei lang (sjukehus-)historie kort, så tok det fire år før eg kunne bruke ei datamaskin på eiga hand, eller rettare sagt, for eigne tenner og hovud. Eg brukar i dag hovudmus. Musepeikaren bevegar seg når eg snur på hovudet. For å klikke, må eg bite i ein bøyle.

Inge Harald Fridtun med hodemus, portrett
 
 

Den første utfordringa med å bruke nett var å finna hjelpemiddel som eg enkelt og greitt kunne betene utifrå det funksjonsnivå eg hadde. Til å byrje med var eg ikkje så sterk i nakken og hadde lite bevegelse av hovudet. Testa først auge-styring av musepeikar og tastatur… fungerte på ein måte, men det tok lang tid og kravde stålkonsentrasjon. Brukte til dømes 5-6 minuttar på å skrive «Sogn Avis» i søkefeltet … det hadde eg ikkje tolmod til, og det var for tungvint og slitsamt. Så tok det om lag tre år før eg tilfeldigvis fekk prøve «briller» med blåtann-styring av musepeikar. Då vart det fart i sakene! Eg skaffa meg eit slikt par og så kunne eg styre det meste på nett sjølv. «Raske briller» var og favorittsongen min på den tida :)

Ei anna utfordring er digitale tenester, og spesielt det som krev e-ID og innlogging på høgaste sikkerheitsnivå. Her slit eg litt, for å seie det mildt … her møter eg meg sjølv i (ID-) porten. I Difi-jobben har eg hjelpt andre med innloggingsproblem og passa på at sikkerheit og tilgang på innlogging er ein personleg sak. At det skal ikkje overleverast til andre og å passe opp for id-tjuveri.

No må eg ha hjelp til innlogging sjølv fordi eg ikkje kan betena kodegenerator eller mobiltelefon, så prinsippet om personleg (og hemmeleg) innlogging glepp litt for min del. Inntil no er det berre BankID eg har tilgjengeleg på nivå 4-innlogging. Buypass og Comfides krev signatur ved utlevering i posten.

Ei absolutt løysing kunne vore ansiktsgjenkjenning som autentisering både til å opne PC og få logga inn på offentlege tenester.

Ei anna utfordring er nettsider som har tidsgrense for inntasting av informasjon. Typisk døme er billettbestilling og liknande. Ofte får du tre minuttar på å fullføre alt, inkludert betaling, før du «rykker tilbake til start». Utruleg stressande når det går såpass sakte med å bita tennene samen for kvar bokstav og ein må ha hjelp på nettbanken. Etter nokre mislukka forsøk fann eg ut at autofyll-funksjonen på nettlesaren er til god hjelp i slike høve.

Inge Harald Fridtun foran pc skjerm på arbeidsplassen sin
 
 

Refleksjon

Det var litt av dei utfordringane eg har støytt borti med nettbruk. Det er sjølvsagt mange andre problemstillingar som har vore og framleis dukkar opp. Utfordringar er til for å kunne løysast og kan dei ikkje løysast digitalt, kan dei som regel fiksast analogt. Sjølv om eg ivrar for og ynskjer digitale løysingar i mange samanhengar, så oppdaga eg etter 3-4 år utan tilgang, at det meste ordna seg utan datamaskin og internett.

Eg har nok fått eit meir «avslappa» forhold til teknologi. Men eg ser også moglegheiter og potensiale for å bruke dette som eit verktøy for å verta meir sjølvstendig og likestilt med «folk flest» i både fritid og jobb.

Forfatter

Portrettbilde av Inge Harald Fridtun som viser at han bruker en hodemus til å navigere med.
Inge Harald Fridtun
Inge Harald Fridtun, har vore tilsett i Digitaliseringsdirektoratet, tidlegare Difi, sidan 2008 som konsulent på Servicesenteret til ID-porten.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.