Skal nødvendig informasjon nå alle? Ja, det er vi sjølvsagt einige om. Men om du legg ut informasjon berre som lyd eller video på nett utan at du også legg ut det same innhaldet som tekst, så er det mange som ikkje kan få det med seg. Det er viktigare enn nokon gong at innbyggarane får lik tilgang til informasjon og til digitale tenester.

Det er eit stor behov for informasjon i koronasituasjonen. Vi sit heime og tek i mot informasjon på nett. Mange opplever at kvardagen er meir digital enn vi er van med. Og for mange gir det nye tekniske utfordringar. Då er det viktig at du som publiserer innhald på nett passar på at alle er i stand til å ta i mot det du sender ut.

Du kan gjere dette med enkle grep som har stor effekt. Har du ikkje moglegheit til å tekste videoen, så kan du publisere manuset til videoen ved sidan av. Det er betre enn ingen tekst. Teksten må ligge nær videoen slik at dei som ikkje høyrer lyden ser at det finst eit tekstalternativ. Legg du ut ein video utan tekst med kritisk informasjon, ekskluderer du personar som ikkje høyrer. Samtidig vil tekst på videoen gjere innhaldet enklare å nå om du har litt dårlegare høyrsel, har norsk som andrespråk, har dysleksi eller vil sjå innhaldet på bussen utan lyd.

Det er det same når du publiserer berre ei lydfil. Publisere tekst ved sidan som seier det same eller det viktigaste frå lydfila.

Og hugs at tekst må ha god kontrast mot bakgrunnen. Dårleg kontrast er ein av dei mest vanlege grunnane til at mange har problem med å lese innhald på nett. Det beste er svart skrift mot kvit bakgrunn. Verst er gul eller grå skrift på kvit bakgrunn. God kontrast er nødvendig for personar med nedsett syn, men gjer det enklare å lese innhaldet ute i den sterke påskesola for alle. Mange fargeblinde kan ha problem med å skilje fargar frå kvarandre. Eg gjorde sjølv feil ein gong då eg sette opp ein mengd figurar, der nokre var rosa og nokre var grå. For ein som var fargeblind, vart alle grå.

Liste med seks grep

Vi har samla ei liste med seks slike grep som du kan ta for å gjere den digitale kvardagen enklare for alle. Vi håpar at den kjem til nytte og hugs at du kan sende oss spørsmål på uu@digdir.no

Heile Noreg er i ein unntakssituasjon. Vi vil i denne tida legge ut ny rettleiing, minne om den som allereie ligg ute og gi tips og råd undervegs. Med universell utforming vil digitale løysingar fungere betre for fleire! Det er nødvendig for nokon – men bra for alle! Ønsker alle ei så god tid som mogleg framover.

Forfatter

Portrett av Malin Rygg
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsyn for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.