Kvar haust har vi i tilsyn for universell utforming av ikt ein møteserie med brukarorganisasjonar. Tema denne gongen var erfaringar med bruk av ikt-løysingar for personar med nedsett funksjonsevne, arbeids- og utdanningssituasjonen under korona og tilgjengelegheitserklæringa.

Vi i tilsyn for universell utforming av ikt har i september gjennomført dei årlege dialogmøta våre med fleire brukarorganisasjonar. Tema for samtalane var blant anna rapporten frå Proba Samfunnsanalyse, Erfaringer med bruk av IKT-løsninger blant personer med funksjonsnedsettelser, som tilsynet publiserte i juni i år. I tillegg snakka vi om arbeids- og utdanningssituasjonen under korona, og tilgjengelegheitserklæringa som kjem med webdirektivet.

Dialogmøta er ein av våre viktigaste kjelder til informasjon om korleis regelverket om universell utforming av ikt fungerar i praksis for brukarane, og er ein møteserie vi ser fram til kvart år. Gjennom samtalane har vi fått gode innspel frå organisasjonane, og vi har informert om kva som rører seg i tilsynet om dagen.

Vi har hatt møte med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norges Blindeforbund, Hørselshemmedes Landsforbund, Seniornett, Dysleksi Norge, Unge Funksjonshemmede, Norges Handikapsforbunds Ungdom og Norges Blindeforbunds Ungdom.

Digitalisering under korona

Etter at samfunnet vart stengt ned 12. mars, vart mange delar av samfunnet digitalisert over natta. Personar med nedsett funksjonsevne har hatt blanda erfaring med dette. Enkelte opplever at kvardagen går lettare, fordi det kan vere lettare å sleppe å reise til jobb eller studiestad. Slik opplever nokon at dei gjennom digitale arrangement er meir involverte og får med seg meir enn vanleg. For andre har mangelen på sosial kontakt og fysisk oppmøte gjort kvardagen meir krevjande. 

I skule- og utdanningssektoren har mange erfart at dei har fått mangelfull oppfølging i samband med digital undervisning og at det er for lite kompetanse på individuell tilrettelegging når ein tek digitale verktøy i bruk over natta. I nokon grupper - som til dømes kronisk sjuke - har personar opplevd å ha blitt mistenkeleggjort ved førespurnad om individuell tilrettelegging ved heimeundervisning.

Mange høyrselshemma har opplevd auka utfordringar med å følge forelesningar digitalt fordi mange ikkje er teksta. Sjølv om ein del videoopptak vert teksta i ettertid, eller informasjonen vert gjort tilgjengeleg i oppsummerande tekstar, mister dei det interaktive elementet i utdanninga som til dømes å få stille spørsmål undervegs og delta i chat.

Ei felles tilbakemelding til oss er at brukarane sine erfaringar i for stor grad er avhengig av korleis dei ulike skulane og studiestadane har valgt å løyse problema. Brukarorganisasjonane saknar sentrale føringar eller ordningar som sikrar brukarane sine rettar på tvers av geografisk plassering.

Det er framleis eit stort problem at mange nettløysingar ikkje er tilstrekkeleg universelt utforma. Dette kan gjere at viktig hjelpemiddelteknologi, som til dømes skjermlesarar som mange synshemma brukar, ikkje fungerar, og at brukaren derfor ikkje får tilgang til innhaldet.

Velmeinte tiltak

Andre peikar ut velmeinande tiltak som ikkje fungerer etter intensjonen. Det har blant anna under koronavirus-situasjonen blitt sett inn teiknspråktolk under pressekonferansar eller i møter, for imøtekomme behov hjå personar med nedsett høyrsel. Samtidig har ein sett døme på at same video ikkje vert teksta fordi ein tenker at behovet er dekka av teiknspråktolkinga.

Tolking av innhald på teiknspråk er eit kjempebra tiltak for dei som kan teiknspråk og kan nyttegjere seg det. Men den store majoriteten av dei med nedsett hørsel kan ikkje teiknspråk, og treng derfor teksting av video i staden. Dermed kan ikkje teiknspråktolking komme i stadenfor teksting, men vil vere eit godt tiltak i tillegg til at videoen vert teksta.  

Fragmentert handheving på likestillingsområdet

Fleire brukarorganisasjonar opplever at regelverket og handhevingsapparat knytt til desse, er oppstykka og fragmentert. Brukarar synest det er vanskeleg å vite kor grensa mellom universell utforming og individuell tilrettelegging går, og nokon syns det er vanskeleg å vite kvar dei skal klage. Nokon oppfattar at det er enkelte problemstillingar som ikkje har ein klar ansvarsfordeling blant offentlige etater.

Tilgjengelighetserklæring

Digitaliseringsdirektoratet er i gang med å utvikle en sentral digital løsning for tilgjengelegheitserklæringar. Når webdirektivet trer i kraft i Norge må verksemder publisere tilgjengelegheitserklæringar kvar nettstad og mobilapplikasjon. Denne vil også innehalde ein tilbakemeldingsfunksjon som let brukarar av nettløysingane ta direkte kontakt med verksemdene om mangelfull eller manglande universell utforming på deira nettstad.

Tilsynet og brukarorganisasjonane håpar dette vil auke kunnskapen om universell utforming på eigen nettstad eller i eigen app hjå verksemdene. Samtidig håpar vi at brukararne aktivt tek i bruk tilbakemeldingsfunksjonen slik at verksemdene raskt kan rette feil på sine løysingar. På den måten vil vi få meir digital inkludering til nytte for alle.

Forfatter

Portrett av Malin Rygg
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsyn for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.