Bestille tilgjengelig automat

Mange som brukar sjølvbeteningsløysingar ved sal eller formidling av varer og tenester til publikum vil ha nytte av denne lista, som gir deg ei innføring i nokre av kjenneteikna på tilgjengelege automatar.

Ein automat er ein teknisk innretning for sal av varer eller tenester berekna for sjølvbetening. Sjølvbetening betyr å kunne bruke utan assistanse.

Kjenneteikn

For at flest mogleg skal kunne bruke automaten, er det avgjerande at den er universelt utforma og plassert slik at alle kan bruke den. Lista under gir deg ei innføring i nokre av kjenneteikna på tilgjengelege automatar. 

Skjerm

  • Det må vere god kontrast mellom tekst og bakgrunn.
  • Unngå for mange ord på kvar linje.
  • Syt for at det er god avstand mellom tekst og bakgrunn.
  • Informasjon på skjerm må også kunne bli formidla gjennom tilkopla hjelpemiddel.
  • Dersom automaten har peikeskjerm (touch screen), er det viktig at blinde kan bruke han ved hjelp av lyd eller tastatur.
  • Hugs at symbol og piktogram (forenkla bilete) er lettare å hugse enn tekst.
  • Bruk av skjerm må ikkje bli hemma av blending og refleksar.

Tastatur

  • Tastaturet må ha gode lystilhøve.
  • Bruk av tastatur må ikkje bli hemma av blending og refleksar.
  • Tastar med tal, bokstavar og funksjonar skal vere konsekvent plasserte i forhold til kvarandre og bør vere markerte med fargar som gjer det lett å skilje dei.
  • Tastaturet skal ha standardiserte symbol, mellom anna med tanke på brukarar med kognitiv funksjonsnedsetjing.
  • Tastaturet skal ha taktil merking eller opphøgde tal slik at det blir lettare for blinde og svaksynte å taste rett.
  • Tekst eller tal på tastar skal vere sentrert og gi god kontrast til bakgrunnen.
  • Knappar som ikkje er i bruk, skal ikkje merkast.
  • Det skal vere tydeleg at ein tast er trykka på, enten ved motstand i tastane, ved lyd eller via tilbakemelding på skjerm.
  • Unngå tastatur som gir sterke refleksar frå sol eller lys.

Dialog

  • Det er viktig med stor og tydeleg skrift.
  • Informasjon, brukarrettleiing og tilbakemeldingar frå automat til brukar skal vere utforma i eit enkelt og direkte språk, og skal vere kortfatta og presis.
  • Brukaren bør kunne regulere tempoet i dialogen mellom brukar og automat.
  • Automaten skal gi same informasjon gjennom ulike sansar, som syn, høyrsel og berøring.

Grensesnitt for hjelpemiddel

  • For at automaten skal vere tilgjengeleg for personar med sterkt nedsett syn, blinde eller høyrslehemma, er det viktig å kunne lese informasjon som punktskrift, ha uttak til høgtalar (headset) og tilgang til teleslynge eller anna lydforsterkande utstyr.

Miljø rundt automaten

  • For å sikre uhindra tilkomst til automaten, er det viktig at automaten står på eit rett og jamt underlag og at trappetrinn og bratte stigningar vert unngått.
  • Det bør vere plass til rullator, barnevogn, rullestol og krykker der du skal bruke automaten.
  • Rullestolbrukarar må også kunne bruke beteningsfunksjonar og informasjonsgivarar.
  • Det bør vere mulegheiter til å setje seg ned og kvile i tilknytning til automaten.
Sist endret: 
03. sep 2015

Deldette

Fant du det du lette etter?

Stjerne(*) er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. 

MERK: Har du spørsmål du ønsker svar på send oss en e-post til uu@difi.no.

Fant du det du lette etter?
*