Indikatorar for web

Indikatorar for måling av universell utforming, vert brukte både ved tilsyn og statusmålingar. Indikatorane kan også brukast av verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller anskaffe nye. 

Om indikatorane

Vi har utarbeidd til saman 50 indikatorar for å måle samsvar eller brot med dei 35 suksesskriteria i WCAG 2.0, som er obligatoriske etter forskrifta. Ei løysing for å samanstille data og statistikk frå indikatorane, blir publisert så snart den er ferdig.

Les meir om kva ein indikator er og kva desse kan brukast til. 

Kvar indikator bygger på

  • ei dokumentert tolking av WCAG 2.0
  • informasjon om kva som skal til for å oppfylle kvart enkelt suksesskriterium
  • ei standardisert og detaljert testprosedyre
  • fastsette malar for registrering av testdata
  • førehandsdefinerte testresultat som blir automatisk genererte frå registrerte testdata

Dette gir openheit og gjer metoden enkel å ta i bruk for myndigheitsorgan, leverandørar av nettløysingar og verksemder som skal kravspesifisere eller evaluere eiga IKT-løysing.

Indikatorane er utarbeidde i Excel-rekneark, med ei Excel-arbeidsbok per indikator. Dette formatet brukar vi så lenge indikatorane er under arbeid. På sikt skal indikatorane presenterast i eit meir tilgjengeleg format. 

Last ned alle indikatorane
(Zip-fil)

Rettleing i bruk av indikatorreknearka.

Gi oss tilbakemelding

Bruk kommentarfeltet nederst på nettsida for kvar enkeltindikator for å gi tilbakemelding. 

Av kapasitetsomsyn vil vi vurdere alle innspela samla. 

Suksesskriterium 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold

Formål

Ikkje-tekstleg informasjon skal vere tilgjengeleg som tekst, slik at vi kan oppfatte den med ulike sansar, som til dømes syn, høyrsel og taktil sansing. Vi kan dermed formidle informasjonen i ei form som er tilpassa behova til brukarane. For eksempel kan ein person som ikkje kan sjå bilete, få lese opp eit tekstalternativ, og ein som ikkje kan høyre, kan lese tekstalternativet.

Indikatorar

Indikatorar for suksesskriterium 1.1.1

Suksesskriterium 1.2.1 Bare lyd og bare video

Formål

Informasjon som er formidla gjennom førehandsinnspelt lydspor eller videospor utan lyd, skal vere tilgjengeleg for alle brukarar. 

Indikatorar

Indikatorar for suksesskriterium 1.2.1.

Suksesskriterium 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)

Formål

Brukarar som er høyrselshemma eller døve, skal få tilgang til informasjonen i lydspor i video via tekst.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 1.2.2.

Suksesskriterium 1.3.1 Informasjon og relasjoner

Formål

Informasjon eller relasjonar som kan bli oppfatta av dei som kan sjå og/eller høyre, skal også skal vere tilgjengeleg for andre brukarar. For å gjere det tilgjengeleg for alle, må vi kode innhald, som for eksempel overskrifter, slik dei står fram for dei som kan sjå.

Sjåande brukarar kan oppfatte struktur og relasjonar gjennom visuelle hint, som for eksempel:

  • Overskrifter, som kan være i større eller feit skrift skilt frå avsnittet under med et linjeskift.
  • Listepunkt, som starter med et kulepunkt eller liknande.
  • Tabellar for å organisere data i rader og kolonnar med overskrifter for å vise type data.
  • Lydsignal kan også bli brukt for å vise struktur, til dømes kan eit pling markere starten på eit nytt avsnitt eller del av innhaldet.

Ved å kode innhaldstypar på rett måte, vert dei tilgjengelege også for brukarar som ikkje kan sjå og/eller høyre.

Indikatorar

Indikatorar for suksesskriterium 1.3.1.

Suksesskriterium 1.3.2 Meningsfylt rekkefølge

Formål

Skjermlesarar og andre hjelpemiddel skal kunne presentere innhaldet i same meiningsfulle rekkefølge som den visuelle presentasjonen på ei nettside. Innhald som ikkje blir presentert i ei logisk leserekkefølge, kan forvirre brukaren, og gjere innhaldet utilgjengeleg.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 1.3.2.

Suksesskriterium 1.3.3 Sensoriske egenskaper

Formål

Formålet med suksesskriteriet er å sikre at alle brukarar kan oppfatte instruksjonar for å betene innhaldet, sjølv om dei ikkje kan oppfatte form, størrelse eller bruke informasjon om romleg plassering eller orientering.

Det er mogleg å vise til sensoriske eigenskapar, som for eksempel "den grønne knappen", då dette kan vere til nytte for mange brukarar med kognitive funksjonsnedsettingar, men det skal være meir informasjon i tillegg.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 1.3.3.

Suksesskriterium 1.4.1 Bruk av farge

WCAG-krav

Formål

Informasjon som er formidla med bruk av farge, skal vere tilgjengeleg for alle. Vi skal difor ikkje bruke farge om einaste visuelle verkemiddel, men må kombinere farge med andre verkemiddel, for eksempel tekst eller markering.

Dette gjeld tilfelle der vi formidlar informasjon, viser til handling, ber om respons eller skil ut eit visuelt element.

Det vert ikkje råda frå å bruke fargar eller fargekoding, så lenge det i tillegg vert brukt andre visuelle uttrykk for å formidle informasjonen.

Indikatorar

Indikatorar for suksesskriterium 1.4.1

Suksesskriterium 1.4.2 Styring av lyd

WCAG-krav

Formål

Lyd som startar automatisk på ei nettside, skal ikkje forstyrre lyd/tale frå skjermlesar, talesyntese eller liknande programvare.

Lyd som startar automatisk vil gjere det vanskeleg for brukaren å høyre talen frå skjermlesar/talesyntese, og dermed også gjere det vanskeleg å navigere på sida. 

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 1.4.2

Suksesskriterium 1.4.3 Kontrast

WCAG-krav

Formål

Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Då kan også brukarar med moderat nedsett syn lese teksten. Dette omfattar også brukarar med redusert fargesyn.

Kontrastforhold 4,5:1 er sett fordi dette vil kompensere for eit synstap på 20/40. Eit slikt synstap er vanleg for eldre. Denne kontrasten vil gjere tekst enklare å lese for alle brukarar, for eksempel på ein liten skjerm (smarttelefon/nettbrett) eller i sollys.

Indikatorar

Indikatorar for suksesskriterium 1.4.3

Suksesskriterium 1.4.4 Endring av tekststørrelse

Formål

Det skal vere mogleg å skalere tekst slik at personar som har moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel. Det er krav om at vi skal kunne doble teksten både i høgde og vidde. Denne grensa er sett med tanke på kor mykje teksten skal kunne auke, utan at det blir problem med den grafiske utforminga av sida.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 1.4.4 

Suksesskriterium 1.4.5 Bilder av tekst

WCAG-krav

Formål

Ved å bruke tekst i staden for bilete av tekst, kan brukarar som har behov for ein særskild presentasjon av teksten, justere teksten etter sine behov. Dette kan vere for eksempel skriftstørrelse, farge, linjeavstand eller ved behov for datahjelpemiddel som gjer tekst tilgjengeleg som tale.   

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 1.4.5

Suksesskriterium 2.1.1 Tastatur

WCAG-krav

Formål

Suksesskriteriet skal sikre at innhald på nettsider kan betenast ved hjelp av tastatur når dette er mogleg. Dette gjer at nettstaden kan brukast av både av dei som ikkje kan bruke mus, i tillegg til dei som brukar alternativ til tastatur. Alternative tastaturgrensesnitt er til dømes taleinput, brytarstyring og skjermtastatur.

Dei fleste handlingar som blir gjort med mus, som for eksempel å klikke, velje, flytte og forstørre, kan også gjerast med tastatur. Det skal ikkje vere nødvendig å tidsberekne dei ulike tastetrykka. Brukaren skal ikkje måtte gjenta eller utføre mange tastetrykk i løpet av ein kort tidsperiode, eller halde en tast nede i eit lengre tidsrom før tastetrykket blir registrert. Dette er av omsyn til brukarar med motoriske utfordringar.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.1.1

Suksesskriterium 2.1.2 Ingen tastaturfelle

Formål

Brukarar skal ikkje bli ståande fast i noko element på sida når dei navigerer med tastatur.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.1.2

Suksesskriterium 2.2.1 Justerbar hastighet

Formål

Personar med ulike funksjonsnedsettingar skal ha tilstrekkeleg tid til å lese innhald eller gjennomføre handlingar på nettstaden. Å tilby moglegheit til å slå av, justere eller forlenge tidsavgrensingar, vil hjelpe dei som treng meir tid enn forventa til å gjennomføre ei oppgåve.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.2.1

Suksesskriterium 2.2.2 Pause, stopp, skjul

WCAG-krav

Formål

Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, spel i sanntid, automatiske oppdateringar med meir, kan føre til at nokre brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

Det skal vere mogleg å stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen. Innhald som er sett på pause, kan anten fortsette i sanntid eller starte frå punktet der innhaldet vart sett på pause.

Indikatorar

Indikatorar for suksesskriterium 2.2.2

Suksesskriterium 2.3.1 Terskelverdi på maksimalt tre glimt

Formål

Alt innhald skal vere tilgjengeleg for brukarane utan fare for at det skal utløyse anfall som følgje av fotosensitivitet. Personar som har epilepsi eller annan fotosensitivitet, kan få anfall av innhald på nettsider som glimtar med ein viss frekvens.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.3.1

Suksesskriterium 2.4.1 Hoppe over blokker

WCAG-krav

Formål

Brukaren skal kunne navigere sekvensielt gjennom innhaldet, og på denne måten få meir direkte tilgang til hovudinnhaldet på sida. Mange nettstadar har innhald som blir gjentatt på fleire sider, som for eksempel menyar, navigasjonslenker, topptekst og rammer som inneheld annonser. Ved at det er mogleg å hoppe over dette, kan også dei som brukar tastatur til å navigere på nettstaden, raskare komme til hovudinnhaldet.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.4.1

Suksesskriterium 2.4.2 Sidetitler

WCAG-krav

Formål

Når kvar nettside har beskrivande sidetittel, vil brukarane lettare finne relevant innhald og orientere seg på nettstaden. Brukarane kan identifisere kvar dei er utan å lese og tolke innhaldet på nettsida. Brukarane kan også lettare finne fram til aktuelt innhald når sidetitlane kjem fram ved søk.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.4.2

Suksesskriterium 2.4.3 Fokusrekkefølge

WCAG-krav

Formål

Det skal vere mogleg å forstå og bruke innhaldet på nettsida når brukaren navigerer på nettstaden med tastatur.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.4.3

Suksesskriterium 2.4.4 Formål med lenke (i kontekst)

Formål

Lenker skal vere formulerte slik at brukaren får informasjon om formålet med lenka, slik at det er mogleg å vurdere om lenka er aktuell eller ønskjeleg å opne.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.4.4

Suksesskriterium 2.4.5 Flere måter

WCAG-krav

Formål

Nettsider skal kunne nåast på fleire måtar, tilpassa den einskilde sitt behov. Dette kan verre gjennom lenker, søkefunksjonalitet og liknande.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.4.5

Suksesskriterium 2.4.6 Overskrifter og ledetekster

Formål

Når overskrifter og ledetekstar er klare og beskrivande, er det lettare for brukarane å finne relevant informasjon og forstå samanhengen i informasjonen som blir presentert. Beskrivande ledetekstar hjelper brukarane med å identifisere dei ulike komponentane i innhaldet.

Indikatorar

Indikatorar for suksesskriterium 2.4.6

Suksesskriterium 2.4.7 Synlig fokus

WCAG-krav

Formål

Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering. Dette skal hjelpe brukaren til å orientere seg på sida og identifisere innhald. 

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 2.4.7

Suksesskriterium 3.1.1 Språk på siden

WCAG-krav

Formål

Hovudspråket på sida skal vere deklarert i koden. Formålet er å sikre at brukaragentar og hjelpemiddelteknologi kan presentere tekst og anna lingvistisk innhald korrekt.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 3.1.1

Suksesskriterium 3.1.2 Språk på deler av innhold

Formål

Brukaragentar og hjelpemiddelteknologi skal kunne presentere innhald på ulike språk korrekt. Dersom tekst i anna språk enn hovudspråket på sida er identifisert i koden, kan brukaragentar og hjelpemiddelteknologi presentere innhaldet i samsvar med språkreglane for det aktuelle språket.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 3.1.2

Suksesskriterium 3.2.1 Fokus

WCAG-krav

Formål

Det skal føreseieleg for brukaren kva som skjer når ein navigerer på ei nettside. Komponentar som kan aktiverast, skal ikkje gi endra kontekst berre ved at det får fokus. Endra kontekst skal skje berre når brukaren aktivt gjer ei handling, for eksempel å klikke på ei lenke med mus eller tastatur, eller trykke på ein knapp.

Indikatorar

Indikator for suksesskriterium 3.2.1

Suksesskriterium 3.2.2 Inndata

WCAG-krav

Formål

Det skal vere føreseieleg for brukaren kva som skjer når ein legg inn data eller gjer val i skjema. Endring av kontekst som følgje av brukaren sine handlingar, skal varslast. 

      Endring av innstilling i ein komponent er for eksempel å krysse av i ein avkryssingsboks, velje en radioknapp og skrive tekst i eit skjemafelt. Å klikke på lenker, faner eller knappar, er å aktivere ein komponent, og vert difor ikkje rekna som endring av innstillingar.

        Indikatorar

        Indikator for suksesskriterium 3.2.2

        Suksesskriterium 3.2.3 Konsekvent navigering

        Formål

        Element som vert gentekne på fleire sider på ein nettstad skal presenterast konsekvent, slik at brukarane lett kan orientere seg. Døme på slike element er klikkbar logo, søkefelt, meny og liknande.

        Indikatorar

        Indikator for suksesskriterium 3.2.3

        Suksesskriterium 3.2.4 Konsekvent identifikasjon

        Formål

        Funksjonelle komponentar som blir gjentekne fleire stader på ein nettstad, skal ha konsekvent identifikasjon i koden. Dette gjeld for eksempel søkefunksjon og skal gjere det lettare for personar som brukar skjermleser å orientere seg og bruke nettstaden. 

        Indikatorar

        Indikator for suksesskriterium 3.2.4

        Suksesskriterium 3.3.1 Identifikasjon av feil

        Formål

        Ved feil i utfylling av skjema, skal brukaren få informasjon, både om at ein feil har oppstått og kva feilen er. Feilmeldinga skal vere gitt i form av tekst og vere så spesifikk som mogleg. Dette omfattar også informasjon om kva for skjemaelement som inneheld feil.

        Suksesskriteriet gjeld inndatafeil, det vil seie informasjon som er gitt av brukaren og som ikkje vert godkjent. Dette omfattar både

        • informasjon som nettsida krev men som brukaren har utelatt
        • informasjon som er gitt men som har feil format eller verdi

        Indikatorar

        Indikatorar for suksesskriterium 3.3.1

        Suksesskriterium 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner

        Formål

        Skjemafelt skal ha ledetekstar og instruksjonar slik at brukarane forstår korleis eit skjema skal fyllast ut. Ledetekstene og instruksjonane kan og spesifisere kva format som skal nyttast ved utfylling av skjemafeltet, for eksempel ved utfylling av dato eller telefonnummer. Dette er særleg viktig dersom det er krav om eit spesielt format. Det er tilstrekkeleg at ledetekstar og instruksjonar kjem til syne når skjemafeltet er i fokus.

        Indikatorar

        Indikator for suksesskriterium 3.3.2

        Suksesskriterium 3.3.3 Forslag ved feil

        WCAG-krav

        Formål

        Når det skjer feil ved utfylling av skjema, skal brukaren skal få forslag til retting, så sant det er mogleg. Kravet gjeld informasjon som er gitt av brukaren og omfattar både:

        • informasjon som nettsida krev, men som brukaren har utelatt
        • informasjon som er gitt, men som har feil format eller verdi

        Indikatorar

        Indikator for suksesskriterium 3.3.3

        Suksesskriterium 3.3.4 Forhindring av feil (juridiske feil, økonomiske feil, datafeil)

        Formål

        Ved å gje brukaren høve til å sjå gjennom og rette feil ved utfylling av skjema, kan ein hindre at alvorlege konsekvensar av feil oppstår. Alvorlege konsekvensar kan også hindrast dersom brukaren får høve til å gjere om handlingar.

        Indikatorar

        Indikatorar for suksesskriterium 3.4.3

        Suksesskriterium 4.1.1 Parsing (oppdeling)

        Formål

        Brukaragentar og hjelpemiddelteknologi skal på en nøyaktig måte kunne tolke og dele opp innhald. Viss innhaldet ikkje kan delast opp i ein datastruktur, kan ulike brukaragentar presentere innhald på ulikt vis, eller ikkje klare å tolke innhaldet i heile. Koden har i såfall syntaksfeil. 

        Indikatorar

        Indikator for suksesskriterium 4.1.1

        Suksesskriterium 4.1.2 Navn, rolle, verdi

        WCAG-krav

        Formål

        Kompenserande teknologi skal kunne gjere følgjande for brukargrensesnittkomponentar:

        1. Finne informasjon om komponentane
        2. Aktivere eller stille inn komponentane
        3. Halde seg oppdatert viss komponentane endrar innstilling. 

        Når rolle, status og verdi til alle brukargrensesnittkomponentar er programmeringsmessig bestemt, blir informasjonen tilgjengeleg for hjelpemiddel, som for eksempel skjermlesar, skjermforstørrar og programvare for talegjenkjenning.

        Indikatorar

        Indikatorar for suksesskriterium 4.1.2

        Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 25. sep 2017

        Kva er ein indikator

        Ordet indikator kjem frå verbet «å indikere» som betyr «å angi», «å antyde» eller tilsvarande. Indikatorar brukar vi for å få informasjon om tilhøve som ikkje er direkte målbare, eller som er for kostbare eller kompliserte å måle direkte. Dette er tilfelle for universell utforming av nettsider.

        Kommentarer

        Skriv ny kommentar

        * obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.