Indikator 1.1.1 b Formål med lenka bilete går tydeleg fram av lenketekst og/eller tekstalternativ

Indikatoren testar lenker som inneheld bilde. I denne indikatoren testar vi ikkje lenker som har bakgrunnsbilde.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Først undersøker vi om bildet har ein lenketekst. Dette gjer vi på følgande måte:

  • Har lenkeelementet attributtet "aria-label"?
  • Har lenkeelementet attributtet "aria-labelledby", og er dette kopla til annan tekst på sida (lenkekontekst) med unike id-ar?

Dersom bildet har eit av desse attributta, vurderer vi om innhaldet i dei beskriv formålet med lenka.

Dersom bildet ikkje har ei av dei ovannemnde attributta, sjekkar vi om lenka har ein lenketekst som ikkje er misvisande. Vi undersøker så om bildet er koda på ein av følgande måtar (i prioritert rekkjefølge):

  • attributtet "aria-label" 
  • attributtet "aria-labelledby", og om dette er kopla til annan tekst på sida
  • er biletet koda som <img>
  • har bilete eit alt-atributt med innhald
  • har bilete eit title-atributt med innhald

Dersom lenka inneheld fleire bilde, undersøker vi og om desse har innhald i dei nemnde attributta. Til sist vurderer vi om innhaldet i attributta beskriv formålet med lenka.

Merknad: Bakgrunnen for testrekkefølga er HTML Accessibility API Mappings 1.0 punkt 5.11, som viser ei prioritert rekkefølge for å berekne tilgjengelege namn på element i koden.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. For lenka bilde, går informasjon om lenkemålet fram av ein av følgande alternativ:

  • lenketeksten
  • tekstalternativet til bildet
  • lenketeksten saman tekstalternativet til bildet

Kjelder

3 Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Kommentarer

Er det en hensigtsmæssig rækkefølge for at teste et billede med links? Jeg forstår HTML Accessibility API Mappings 1.0 punkt 5.11, men spørgsmålet er vel, om kommer før i rækkefølgen? I praksis virker det (endnu?) besværligt

Der forsvandt noget opmærkning, nemlig "a" og "img"

Så det skulle være: "men spørgsmålet er vel, om "a" kommer før "img" i rækkefølgen...