Indikator 1.1.1 a Bilete har tekstalternativ

Indikatoren testar ikkje-lenka bilde i HTML. Dette kan for eksempel vere illustrasjonar, pyntebilde og dekor, grafar og diagram, ikon og symbol.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Dersom bildet er til pynt, er brukt som bakgrunn eller til formatering, undersøker vi følgande:

  • Er bildet koda utan eit eller fleire av attributta aria-label eller aria-labelledby?
  • Er bildet koda med attributtet role="presentation"?
  • Har bildet eit tomt alt-attributt?
  • Har bildet eit tomt title-attributt?

Dersom bildet er meiningsberande, undersøker vi følgande:

  • Har bildet attributtet "aria-label"?
  • Har bildet attributtet "aria-labelledby" eller "aria-describedby", og er dette kopla til annan tekst på sida?
  • Er bildet koda med attributtet role="presentation"?
  • Er bildet koda som <img>?
  • Har bildet eit alt-attributt med innhald?
  • Har bildet eit title-attributt med innhald.

Dersom innhaldet i attributtet er ein test, ei sanseoppleving, eller at bildet har eit komplekst innhald, vurderer vi om innhaldet gir ein beskrivande identifikasjon av bildet. For andre tilfelle vurderer vi om innhaldet i attributtet gir den same informasjonen som er formidla av bildet.

Dersom bildet i tillegg har komplekst innhald, undersøker vi vidare om det ligg ein utfyllande tekst om bildet i direkte tilknyting til biletet. Då sjekkar vi følgande:

  • Viser attributtet på bildet til ein utfyllande tekst som ligg på same side som bildet?
  • Ligg det ei lenke, i direkte tilknyting til bildet, som tek deg til ein utfyllande tekst om bildet?
  • Er bildet koda med attributtet longdesc?
  • Fungerar lenka som ligg i longdesc-attributtet?
  • Er tekstalternativet koda som tekst?

Til slutt vurderer vi om innhaldet i den utfyllande teksten gir ei beskriving av innhaldet i bildet. Dette er ei skjønnsmessig vurdering av om informasjonen i det utfyllande tekstalternativet kan erstatte bildet, utan at informasjon eller funksjonalitet går tapt.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. For bilde i HTML er ein av følgande oppfylt:

  • Bilde som er pynt, er koda på en slik måte at dei ikkje er støy.
  • Bilde som er ei sanseoppleving eller ein test, har eit kort tekstalternativ som gir ein beskrivande identifikasjon.
  • Bilde som er meiningsberande, har eit kort tekstalternativ som gir same informasjon som bildet.
  • Bilde som er komplekse, har både eit kort og eit utfyllande tekstalternativ.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.