Indikator 1.1.1 c Formål med klikkbare område i bilete går fram av eit tekstalternativ

Indikatoren testar bilde med fleire klikkbare område.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Når vi testar bilde med klikkbare område, testar vi berre bilde som er koda med <area> element inne i <map>-elementet. Ei slik koding, vil føre til at <area>-elementa fungerer som lenker. Vi undersøker om <area> elementet har ein av følgande (i prioritert rekkjefølge):

  • attributtet "aria-label"
  • attributtet "aria-labelledby", og om dette er kopla til annan tekst på sida
  • alt-atributt med innhald
  • title-atributt med innhald

Til sist vurderer vi om innhaldet i attributtet beskriv formålet med det klikkbare området.

Merknad: Bakgrunnen for testrekkefølga er HTML Accessibility API Mappings 1.0 punkt 5.11, som viser ei prioritert rekkefølge for å berekne tilgjengelege namn på element i koden.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

  • Klikkbare områder i bilete, <area>, har eit av attributta aria-label, aria-labelledby, alt eller title, og
  • Innhaldet i attributtet beskriv formålet med det klikkbare området.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.