Indikator 1.1.1 d CAPTCHA har tekstalternativ og alternativ form

Indikatoren testar CAPTCHA i form av innhald som ikkje er tekst. CAPTCHA står for Completely Automated Public Turing test to tell Computers and Humans Apart, og er ein test som er utvikla for å skilje menneske frå datamaskiner.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Først undersøker vi om brukaren kan velje ein alternativ form for CAPTCHA. Dersom det er tilfelle, undersøker vi dei ulike CAPTCHAne som omtala under.

Dersom CAPTCHAen er eit bilde, undersøker vi om det:

  • har attributtet "aria-label"
  • har attributtet "aria-labelledby", og om dette er kopla til annan tekst på sida
  • er koda utan attributtet role="presentation"
  • har eit alt-atributt med innhald
  • har eit title-atributt med innhald

Deretter vurderer vi om innhaldet i attributtet saman med kontekst, gir ein beskrivande identifikasjon av formålet med CAPTCHAen.

Dersom CAPTCHAen er eit logisk problem, undersøker vi om den er koda som tekst.

Dersom CAPTCHAen er lyd, undersøker vi følgande:

  • Finst det ein mekanisme i form av tekst for å starte den?
  • Gir teksten saman med konteksten, ein beskrivande identifikasjon av formålet med CAPTCHAen?
  • Finst det ein mekanisme i form av ikon/bilde for å starte lyd-CAPTCHAen?

Deretter ser vi på bildet i koden saman med kontekst, og vurderer om det finst informasjon som gir ein beskrivande identifikasjon av CAPTCHAen.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Dersom det er brukt CAPTCHA med ikkje-tekstleg innhald, er følgande oppfylt:

  • Det finst minst to former for CAPTCHA, for eksempel i form av bilde, lyd eller tekst.
  • Ikkje-tekstleg innhald har eit tekstalternativ som identifiserer og beskriv formålet.

Kjelder

1 Kommentar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Kommentarer

Finnes det en nyere vurdering av Google sin reCaptcha?
Er den ok?