Indikator 1.2.1 b Førehandsinnspelt video utan lyd har alternativ i form av tekst eller lyd.

Indikatoren testar førehandsinnspelt video utan lyd.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker følgande:

  • Er videoklippet eit mediealternativ til tekst, og tydeleg merka som det?
  • Finst det tekst, lydklipp eller lenke til dette, plassert nær videoklippet/avspelaren, som omtalar klippet?
  • Kor mange tab-steg er det frå videoklippet til lenka/knappen?
  • Er teksten koda som tekst?
  • Kan lydklippet spelast av?

Deretter samanliknar vi teksten eller lydklippet med innhaldet i videofila. Vi registrerer om informasjonen som blir formidla i videoklippet er i samsvar med informasjon som blir formidla i teksten eller lydklippet.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Førehandsinnspelt video utan lyd, som ikkje er eit mediealternativ til tekst eller lyd, har alternativ i form av tekst eller eit mediealternativ i form av lyd.

Alternativ i form av tekst eller lyd er:

  • visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande) nær videoklippet
  • formidlar det same hovudinnhaldet som videoklippet, i same rekkefølge

Alternativ i form av lyd skal i tillegg:

  • vere mogleg å spele av 

Alternativ i form av tekst skal i tillegg:

  • vere koda som tekst

Det er ikkje krav om eksakt attgjeving av innhaldet, men at alt vesentleg innhald er teke med i rett rekkefølge.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.