Indikator 1.2.1 a Førehandsinnspelt lyd har alternativ i form av tekst

Indikatoren testar førehandsinnspelt lyd.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker følgande:

  • Er lydklippet mediealternativ til tekst, og tydeleg merka som det?
  • Finst det tekst, lenke eller liknande mekanisme som ledar til tekst som står fram som alternativ til lydklippet?
  • Ligg teksten visuelt plassert i nær det aktuelle lydklippet?
  • Kor mange tab-steg er det frå lydklippet til lenka/knappen?
  • Er teksten koda som tekst?

Deretter samanliknar vi teksten med innhaldet i lydfila. Vi vurderer om informasjonen som blir formidla i lydklippet er i samsvar med informasjon som blir formidla i teksten.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Førehandsinnspelt lyd, som ikkje er eit mediealternativ til tekst eller video, har alternativ i form av tekst. 

Tekstalternativet er:

  • visuelt plassert nær lydklippet, eller
  • kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande) nær lydklippet.

I begge tilfelle er det eit krav at tekstalternativet:

  • er koda som tekst og
  • formidlar det same hovudinnhaldet som lydklippet, i same rekkefølge.

Det er ikkje krav om eksakt attgjeving av innhaldet, men at alt vesentleg innhald er teke med i rett rekkefølge.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.