Indikator 1.2.2 a Forhåndsinnspelt video med lyd har teksting

Indikatoren testar forhåndsinnspelt videoklipp med lyd.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi vurderer følgande:

  1. Er videoklippet eit mediealternativ til tekst, og tydeleg merka som det?
  2. Er videoen teksta med open eller skjult teksting? I dette inngår å vurdere om
    • tekstinga er mogleg å lese
    • om tekstinga forstyrrar eller skjuler viktig informasjon i videoen
  3. Finst det tekst eller lenke til tekst som står fram som eit tekstalternativ til videoklippet? I dette inngår å vurdere:
    • om teksten ligg visuelt nær det aktuelle videoklippet
    • kor mange tab-steg det er frå videoklippet til lenka/knappen
    • om teksten er koda som tekst

Deretter samanliknar vi teksten i tilfelle 2 og 3 over, med lydinnhaldet i videofila. Vi registrerer om informasjonen/innhaldet som blir formidla i tekstinga er i samsvar med informasjon som blir formidla via lyd og bilde i videoen.

Det kan vere mogleg å automatisere datafangst av videoar med tekst.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Det er fleire måtar å oppfylle kravet på. Forhåndsinnspelt video med lyd, som ikkje er eit mediealternativ til tekst, har alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.

  1. Teksting, som anten ligg fast (open teksting) eller som kan slåast på (skjult teksting).
    • Tekstinga formidlar innhaldet i lyd og bilete og inneheld følgjande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar, og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.
    • Teksten skal vere visuelt synleg, men ikkje forstyrre viktig innhald i videoen.
  2. Alternativt kan videoen ha eit tekstalternativ som er visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande).
    • Tekstalternativet må vere koda som tekst.
    • Tekstalternativet formidlar innhaldet i lyd og bilde, og inneheld følgaande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.

Det er ikkje krav om eksakt attgjeving av innhaldet, men at alt vesentleg innhald er teke med i rett rekkefølge.

Kjelder

2 Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Kommentarer

Hvorfor er denne indikatoren totalt forskjellig fra alle de andre? Og hvorfor er den fylt ut på forhåmd? Og, ettersom dette så langt ifra er intuitivt - hvor finner man en rettledning? Hva i alle dager betyr Samsvar, brudd på en laaang rekke tall - noen ferdig utfylt og andre celler er fargelagt.

Regnearkene har flere arkfaner, og her hadde vi ved en feil lagret indikatoren med arkfanen Utfall åpen. Denne arkfanen har en oversikt over alle mulige resultater/utfall og hvilke registreringer som gir de ulike utfallene. Veiledning for bruk av regnearkene finner du på https://uu.difi.no/krav-og-regelverk/indikatorar-web/rettleiing-i-bruk-a...