Indikator 1.3.1 b Tabellar og overskriftsceller er rett koda

Indikatoren testar tabellar på nettsider. Ein tabell inneheld informasjon som er strukturert i rader og kolonnar.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker først om tabellen er koda med <table>-elementet. Deretter undersøker vi følgjande:

  • Overskriftsceller.
  • Komplekse tabellar med overskrifter både på kolonne og rad.
  • Komplekse tabellar med overskrifter på fleire rader og/eller kolonner inne i tabellen.
  • Tabelltittel.

Overskriftsceller

I ein tabell er det vanleg med overskrifter på rader og kolonner. Ei celle fungerer som overskrift om den beskriv innhaldet som ligg i same rad eller kolonne. Overskriftscellene kan ligge på fleire nivå.

Vi vurderer følgjande når det gjeld overskriftsceller:

  • Har tabellen overskriftsceller.
  • Er alle overskriftscellene koda med elementet <th>.
  • Har tabellen overskriftsceller i meir enn berre første rad eller berre første kolonne.
  • Har tabellen visuelle overskriftsceller som ligg mellom datacellene.

Komplekse tabellar koda med overskrifter både på kolonne og rad

  • Er alle overskriftscellene koda med attributtet scope.
  • Er alle overskriftscellene på kolonnene koda med attributtet scope="col" eller scope="colgroup".
  • Er alle overskriftscellene på radene koda med attributtet scope="row" eller scope="rowgroup".

Komplekse tabellar med overskrifter på fleire rader og/eller kolonner inne i tabellen

  • Er alle overskriftscellene koda med attributtet id.
  • Er alle datacellene koda med attributtet headers.
  • Er alle datacellene kopla til rett overskriftsceller i koden.

Tabelltittel

Tittelen, eller tabelloverskrifta, ligg rett før sjølve tabellen, utan tekst mellom tittel og tabell. Vi undersøkjer følgjande:

  • Har tabellen en synleg tittel.
  • Er tabelltittelen koda med <caption>-elementet.
  • Identifiserer tabelltittelen innhaldet i tabellen.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Tabellar er koda som tabell med følgjande:

  • Tabelltittel er koda med <caption>.
  • Overskriftsceller i tabellar med overskrift i berre ei rad eller kolonne er koda med <th>.
  • Overskriftsceller i tabellar med overskrifter både på kolonne og rad, er koda med attributtet scope.
  • Overskriftsceller i tabellar med overskrifter på fleire rader og/eller kolonner inne i tabellen er koda med attributta headers og id.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.