Indikator 1.3.1 c Lister er rett koda

Indikatoren testar visuelle lister på nettsider. Lister er informasjon som er gruppert, og som ikkje er løpande tekst. Lister kan vere markerte med for eksempel kulepunkt eller tal.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Nummererte lister kan vere nummererte med for eksempel tal eller bokstavar. For nummererte lister undersøker vi: 

  • Er lista koda med <ol>-elementet i HTML?
  • Er kvart punkt i lista koda med <li>-elementet?

Unummererte lister kan vere organiserte med kulepunkt, strekpunkt eller liknande. For unummererte lister undersøker vi:

  • Er lista koda med <ul>-elementet i HTML?
  • Er kvart punkt i lista koda med <li>-elementet?

Beskrivande lister blir brukt for å gruppere ulike termer/namn med beskrivingar eller definisjonar. Lista har to nivå, og gir utfyllande forklaringar på termer, ord eller uttrykk. Lista kan vere organisert alfabetisk. For beskrivande lister undersøker vi: 

  • Er lista koda med <dl>-elementet i HTML?
  • Er alle termane i lista koda med <dt>-elementet?
  • Er alle forklaringane i lista koda med <dd>-elementet?

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Visuelle lister er koda på følgande måte:

  • Nummererte lister er koda som nummerert liste.
  • Unummererte lister er koda som unummerert liste.
  • Beskrivande lister (lister som har to nivå og som gir utfyllande forklaringar) er koda som beskrivande lister.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.