Indikator 1.3.1 a Overskrifter er rett koda

Indikatoren testar visuelle overskrifter på nettsider. Tilfelle der det er tydeleg at delar av innhaldet er presentert i eit hierarki av visuelle overskrifter, vert også testa.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker om den visuelle overskrifta er koda på ein av følgjande måtar:

  • som overskrift med H-elementet i HTML
  • med attributtet role="heading" eller
  • med annan koding som ivaretek den visuelle presentasjonen

Deretter vurderer vi om den visuelle overskrifta inngår i eit tydeleg overskriftshierarki. Vi avgjer kva som er nivået på overskrifta visuelt sett, og undersøker om dette er det same nivået som i koden.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Visuelle overskrifter er koda som overskrift. Dersom overskrifta inngår i eit visuelt overskriftshierarki, er den koda med same nivå som den visuelle overskrifta.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.