Indikator 1.3.3 a Instruksjonar for betening av skjema er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar

Indikatoren testar instruksjonar i skjema der brukaren skal utføre ei handling, til dømes sende inn informasjon, å gå vidare i ein prosess, eller velje eit svaralternativ. Vi testar berre instruksjonar som inneheld referanse til sensoriske eigenskapar ved komponenten instruksjonen gjeld for.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi vurderer om instruksjonen inneheld følgjande:

  • tilvising til form på skjemaelement
  • tilvising til størrelse på skjemaelement
  • tilvising til eventuell lyd i skjemaelement
  • tilvising til sensoriske eigenskapar som til dømes symbol/ikon/grafiske presentasjonar av utsjånaden på skjemaelementet
  • tilvising til skjemaelements orientering eller plassering på sida

Dersom instruksjonen inneheld ei eller fleire av ovannemnde tilvisingar, vurderer vi om instruksjonen gir den same informasjonen utan tilvising til sensoriske eigenskapar.

Dersom det i instruksjonen er brukt symbol, ikon eller grafisk presentasjon, vurderer vi om dette er identifisert i koden som bilde. Deretter vurderer vi om informasjonen i koden set brukaren i stand til å forstå instruksjonen som er knytt til aktuelt symbol, ikon eller grafisk presentasjon.

Dersom den tekstlege instruksjonen inneheld ord som er vanlege for å vise til plassering eller rekkefølge for innhald på nettsider, vurderer vi om rekkefølgja i instruksjonen, er den same som leserekkefølgja i koden.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Instruksjonar som inneheld informasjon om komponentar sine sensoriske eigenskapar (form, størrelse, visuell plassering på sida, orientering, eller lyd), inneheld også alternativ informasjon som let brukarar å finne og betene komponenten.

Kravet kan likevel vere oppfylt viss ein av det følgjande er tilstades:

  • I instruksjonen er det brukt ord som i språket er naturleg for å referere ei leserekkefølgje, og leserekkefølgja er den same i koden.
  • Instruksjonen er gitt i form av symbol/ikon eller grafisk framstilling og dette er identifisert i koden.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.