Indikator 1.4.1 b Informasjon i grafiske framstillingar skil seg ut med meir enn berre farge

Indikatoren testar grafiske framstillingar av informasjon. Døme på dette er illustrasjonar og diagram, organisasjonskart og grafiske framstillingar av transportsystem.

Last ned Indikator 1.4.1b
Excel Macro Workbook (xlsm)

Korleis testar vi

Vi vurderer følgjande:

  • Er farge brukt som visuelt verkemiddel for å formidle informasjon eller skile ut visuelle element i den grafiske framstillinga?
  • Gir forklarande tekst eller andre visuelle verkemiddel den same informasjonen som er formidla gjennom bruk av farge?
  • Finst det ein mekanisme for å aktivere forklarande informasjon eller andre visuelle verkemiddel, i tillegg til farge?
  • Gir mekanismen tilgang til den same informasjonen som er formidla gjennom bruk av farge?

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Dersom farge er brukt som visuelt verkemiddel for å formidle informasjon eller skilje ut visuelle element i grafiske framstillingar, er også eit av følgjande alternativ oppfylt:

  1. Forklarande tekst eller andre visuelle verkemiddel gir den same informasjonen som er formidla gjennom bruk av farge.
  2. Det finst ein mekanisme som aktiverer slik informasjon.

Eksempel på visuelle verkemiddel i tillegg til farge er:

  • mønster
  • form, som for eksempel stjerne, diamant, firkant og liknande.
  • direkte kopling mellom del av illustrasjon der farge er brukt og forklarande informasjon

Kjelder

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 18. sep 2017

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.