Indikator 1.4.1 a Lenka tekst skil seg frå anna tekst med meir enn berre farge

Indikatoren testar lenker i løpande tekst. Med dette meiner vi lenker som visuelt og kontekstuelt er knytt til ikkje-lenka tekst, plassert før eller etter lenka. Merk at dette også kan gjelde lenka overskrifter. Følgjande lenker blir ikkje testa: Lenker i meny. Lenker som er grupperte saman og ikkje er visuelt plasserte i tilknyting til ikkje-lenka innhald.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi vurderer følgjande:

  • Er lenka markert med farge?
  • Skil lenka/lenkene seg visuelt frå ikkje-lenka tekst med andre verkemiddel enn farge?

Etter dette måler og registrerer vi kontrasten mellom fargen på tekst i lenka og farge på omkringliggande tekst. I tillegg vurderer vi om lenka er markert med meir en berre farge når brukaren navigerer til den med mus eller tastatur.

Vi brukar måleverktøyet Colour Contrast Analyser i kombinasjon med manuell testing.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Lenker i løpande tekst oppfyller eit av alternativa under:

  1. Lenker som er markert med farge, skil seg frå nærliggande ikkje-lenka tekst med meir enn berre farge. Eksempel på annan markering enn farge, er skrifttype, skriftstørrelse, understreking, utheva skrift, ramme eller ikon.
  2. Lenker som er markert med berre farge har ein kontrast på minst 3:1 mot nærliggande ikkje-lenka tekst, og får synleg markering med meir enn berre farge, både ved mouseover og tastaturnavigasjon. Endring av musepeikaren og standard fokusmarkering ved tastaturnavigasjon, er ikkje tilstrekkeleg markering.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.