Indikator 1.4.2 a Styring av lyd som startar automatisk og ikkje stoppar innan 3 sekund

Indikatoren testar nettsider med lyd som startar automatisk, og ikkje stoppar innan tre sekund.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi vurderer følgjande:

  • Er det ein mekanisme på nettsida for å slå av lyden eller skru den ned til null?
  • Er denne mekanismen plassert nær starten av sida?
  • Kor mange tab-steg frå lydklippet treng brukaren for å nå mekanismen?
  • Har mekanismen ei tydelig visuell markering?
  • Kan mekanismen styrast med tastaturet?

Merk at ein mekanisme kan ha fleire former, for eksempel i ein mediespelar.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Nettsider med lyd som startar automatisk, der lyden ikkje stoppar innan 3 sekund, har ein mekanisme for styring av lyd som:

  • er visuelt plassert nær starten av sida,
  • kan brukast med tastatur og er tidleg i tab-rekkefølgja (maksimalt 5 tab-steg).
  • har visuell markering i form av tekst eller symbol.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.