Indikator 1.4.3 b Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn i bilete av tekst

Indikatoren testar bide av tekst.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi måler og registrerer kontrast mellom farge på tekst i bildet og farge på bakgrunnen i bildet.

Dersom det vert registrert for låg kontrast, vert det aktuelle elementet også testa i høgkontrastversjon. Då blir følgjande vurdert:

  • Er det ein mekanisme for å aktivere høgkontrastversjon?
  • Er mekanismen visuelt plassert nær starten av sida og visuelt markert med tekst eller ikon?

Deretter blir kontrasten mellom farge på tekst i mekanismen og farge på bakgrunnen målt og registrert. I tillegg blir følgande vurdert:

  • Er skriftstørrelsen 24 px eller større?
  • Er skriftstørrelsen mindre enn 19 px?
  • Er teksten utheva/feit?

Til sist vert det aktuelle elementet testa i høgkontrastversjon. Vi måler og registrerer kontrast mellom farge på tekst i bildet og farge på bakgrunnen i bildet på same måte som over.

Vi brukar måleverktøyet Color Contrast Analyser i kombinasjon med manuell testing.

Innhald som ikkje blir testa er:

  • Logoar og varemerke
  • Ikkje-informativ tekst som er til pynt, dvs tekst som kan erstattast av annan tekst, utan at meiningsinnhaldet vert endra
  • Tekst i bilde der teksten ikkje er vesentleg for å formidle meiningsinnhaldet
  • Deaktiverte skjemaelement
  • Tekst som ikkje er synleg for nokon
  • Grafiske element i for eksempel diagram og grafar

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Kravet er oppfylt dersom ein av følgande er tilstades:

  1. Bilde av tekst har kontrast på minst 3,0:1 mot bakgrunnen. På grunn av at vi ikkje kan måle skriftstørrelse i bilde av tekst, er grenseverdien til kontrast for bilde av tekst 3,0:1.
  2. Det finst ein høgkontrastversjon som tilfredsstiller følgande krav:
    • Mekanismen for å aktivere er plassert nær starten av sida og er visuelt markert med tekst eller ikon.
    • Mekanismen har kontrast på minst 4,5:1.
    • Tekst i høgkontrastversjon tilfredsstiller krava til kontrast i punkt 1) over.
    • Det tekstlege innhaldet i elementet som vart målt med for svak kontrast i ordinær visning, er identisk med elementet i høgkontrastversjon.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.