Indikator 1.4.3 a Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn

Indikatoren testar tekst i form av overskrifter, lenker og annan tekst, inkludert tekst i skjema, illustrasjonar og diagram.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi måler og registrerer kontrast mellom farge på tekst og farge på bakgrunn. I tillegg vurderer vi om:

  • skriftstørrelsen er 24 pikslar eller større
  • skriftstørrelsen er mindre enn 19 pikslar
  • teksten er utheva/feit

Dersom det vert registrert for låg kontrast, vert det aktuelle elementet også testa i høgkontrastversjon.

Då blir følgjande vurdert:

  • Er det ein mekanisme for å aktivere høgkontrastversjon?
  • Er mekanismen plassert nær starten av sida, og visuelt markert med tekst eller ikon?

Deretter blir kontrasten mellom farge på tekst i mekanismen og farge på bakgrunnen målt og registrert på same måte som for tekst.

Vi vurderer om teksten med for låg kontrast, er identisk med teksten i høgkontrastversjon. Til sist måler vi kontrast i høgkontrastversjon, på same måte som i ordinær visning.

Vi brukar måleverktøyet Color Contrast Analyser i kombinasjon med manuell testing.

Innhald som ikkje blir testa er:

  • Bilde av tekst
  • Logoar og varemerke
  • Ikkje-informativ tekst som er til pynt, dvs tekst som kan erstattast av annan tekst, utan at meiningsinnhaldet vert endra
  • Tekst i bilde der teksten ikkje er vesentleg for å formidle meiningsinnhaldet
  • Deaktiverte skjemaelement
  • Tekst som ikkje er synleg for nokon
  • Grafiske element i for eksempel diagram og grafar

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Kravet er oppfylt dersom ein av følgjande er tilstades:

  1. Tekst har kontrast på minst 4,5:1 mot bakgrunnen.
  2. Tekst har kontrast på minst 3,0:1 mot bakgrunnen og tekststørrelse er minst 24 pikslar eller 19 pikslar feit/utheva.
  3. Det finst ein høgkontrastversjon som tilfredsstiller følgjande krav:
    • Mekanismen for å aktivere er plassert nær starten av sida, og er visuelt markert med tekst eller ikon
    • Mekanismen tilfredsstiller krava til kontrast i punkta 1) og 2) over.
    • Tekst i høgkontrastversjon tilfredsstiller krava til kontrast i punkta 1) og 2) over.
    • Det tekstlege innhaldet i elementet som vart målt med for svak kontrast i ordinær visning, er identisk med elementet i høgkontrastversjon.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.