Indikator 1.4.4 a Tekst kan forstørrast opp til minst 200%-visning utan tap av innhald og funksjonalitet

Indikatoren testar tekst som ikkje er teksting i video eller bilete av tekst. Indikatoren testar også tekst i skjemaelement.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker først om nettlesaren har ein funksjon for å zoome til minst 200 %. Vi brukar så zoom-funksjonen til å forstørre teksten til 200 %. Deretter vurderer vi om nettsida inneheld same tekstlege innhald og funksjonalitet som i 100 % visning.

Dersom nettlesaren ikkje har ein funksjon for å zoome, undersøker vi om nettsida har ein innebygd mekanisme som let brukaren forstørre teksten slik at visninga blir skalert opp til 200 %. Vi vurderer om mekanismen:

  • er lett å finne på sida
  • forstørrar all teksten på nettsida
  • gir tilgang til alt tekstleg innhald og funksjonalitet

I begge tilfella registrerer vi om innhald og funksjonalitet som ikkje var tilgjengeleg ved forstørring, ligg i skjema.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

All tekst kan forstørrast opp til 200 % visning, utan tap av innhald eller funksjonalitet.

Kravet gjeld ikkje for:

  • bilete av tekst
  • teksting i video

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.