Indikator 2.1.1 a Det er mogleg å betene all funksjonalitet med tastatur

Indikatoren testar alle typar funksjonalitet på nettsider. Ein føresetnad for å utføre testen, er at vi får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker om det er mogleg å betene alle lenker, knappar og funksjonar med tastaturet. Dette gjer vi ved å gå gjennom nettsida med tabulatortasten, og forsøke å betene innhaldet med enter-, mellomroms- eller piltastane.

Viss ein funksjon kan brukast på fleire måtar, er det nok at ein av måtane kan brukast med tastaturet.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Det er mogleg å bruke tastatur for å betene all funksjonalitet på nettsida. Dette gjeld likevel ikkje for funksjonalitet som ikkje er hensiktsmessig å betene med tastatur.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.