Indikator 2.1.2 a Det finst ingen tastaturfeller på nettsida

Indikatoren testar komponentar og element på nettsida som det er mogleg å navigere til med tastatur.

Last ned Indikator 2.1.2a
Excel Macro Workbook (xlsm)

Korleis testar vi

Vi undersøker om det finst tastaturfeller ved å gå gjennom heile nettsida med tabulatortasten. Vi feller ut menyar, opnar modalvindauge og går gjennom alle plug-ins med til dømes mediespelarar, kommentarfelt og sosiale media.

Dersom vi vert ståande fast i eit element, undersøker vi om det er mogleg å navigere ut av tastaturfella med standardmåtar for tastaturnavigasjon.

Det vert ikkje teke høgde for at nettsida kan gi informasjon om andre måtar å navigere ut av elementet. Dette fordi det er vanskeleg å teste om slik informasjon også er tilgjengeleg for brukarar som ikkje kan sjå den visuelle presentasjonen.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Det er mogleg å navigere med tastatur gjennom alt innhaldet på nettsida, utan å bli ståande fast i noko element.

Kjelder

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 18. sep 2017

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.