Indikator 2.2.1 a Det er mogleg å slå av, justere eller forlenge tidsavgrensingar

Indikatoren testar nettsider som inneheld ei tidsavgrensing.

Last ned Indikator 2.2.1a
Excel Macro Workbook (xlsm)

Korleis testar vi

For å vurdere om nettsida har innhald med tidsavgrensing, ser vi om det ligg ein meta-tag på formen 'meta http-equiv="refresh" content' i koden. Denne kodinga betyr at nettsida lastar på nytt eller omadresserer automatisk.

Vi vurderer så om tidsavgrensinga er unnateke kravet fordi:

  • Tidsavgrensinga er ein nødvendig del av ei hending i sanntid, og det finst ikkje noe alternativ til tidsavgrensinga. Eksempel på dette er nettauksjonar og tidsavgrensa kampanjetilbod.
  • Tidsavgrensinga er nødvendig, og ei forlenging vil gjere handlinga ugyldig.
  • Tidsavgrensingar varer i 20 timar eller meir. Dette sjekkar vi ved å sjå om content-attributtet i meta-taggen ein verdi på minst 72 000.

Vi undersøker så om det er mogleg å slå av tidsavgrensinga. Slik funksjonalitet skal ligge på starten av sida, og det skal ikkje vere nødvendig å scrolle for å finne den.

Dersom dette ikkje er tilfelle, undersøker vi om det finst det ein mekanisme som let brukaren bestemme varigheit på tidsavgrensinga. Denne mekanismen skal ligge før innhaldet som inneheld tidsavgrensing. Vidare sjekkar vi om det er mogleg å bestemme varigheit på tidsavgrensinga til minst 10 gonger standard varigheit.

Til slutt undersøker vi om det mogleg å forlenge tidsavgrensinga ved hjelp av ei mindre handling, seinast 20 sekundar før den inntreffer. Også her sjekkar vi om det mogleg å forlenge varigheit på tidsavgrensinga til minst 10 gonger standard varigheit.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. For nettsider som inneheld tidsavgrensing, er ein av følgande oppfylt:

  • Det er mogleg å slå av tidsavgrensinga.
  • Det er mogleg å justere tidsavgrensinga med minst 10 gonger standard varigheit. Mekanismen for å justere skal ligge før innhaldet som inneheld tidsavgrensingar.
  • Det er mogleg å forlenge tidsavgrensinga seinast 20 sekund før den inntreff, ved å gjere ei mindre handling. Det skal vere mogleg å forlenge med minst 10 gonger standard varigheit.

Følgande tidsavgrensingar er unnateke kravet:

  • Nødvendige tidsavgrensingar, for eksempel handlingar som føregår i sanntid.
  • Tidsavgrensingar der forlenging vil gjere handlinga ugyldig.
  • Tidsavgrensingar som varer i 20 timar eller meir.

Kjelder

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 18. sep 2017

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.