Indikator 2.2.2 b Det er mogleg å pause, stoppe, skjule eller endre oppdateringsfrekvensen for automatisk oppdatert innhald

Indikatoren testar nettsider med innhald som oppdaterer seg automatisk, og som ikkje samtidig bevegar seg, blinkar eller rullar meir enn i fem sekundar. Eksempel på slikt innhald er: børsoppdateringar i sanntid, vêrmeldingar, nyheitsstraumar, eller straumar frå sosiale medium som for eksempel Twitter.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker om innhaldet som oppdaterer seg automatisk blir vist samtidig med anna innhald. Viss innhaldet også bevegar seg, blinkar eller rullar i meir enn fem sekund, eller er ein del av ei handling der den er nødvendig, avsluttar vi testen. Dersom dette ikkje er tilfelle undersøker vi følgande:

  • Finst det ein mekanisme eller ein tastatursnarveg på sida for å pause, stoppe, skjule eller endre oppdateringsfrekvens på innhald som oppdaterer seg automatisk?
  • Ligg mekanismen på starten av sida, eller i direkte tilknyting til innhaldet som bevegar seg/blinkar/rullar?
  • Blir innhaldet sett på pause, stoppa, skjult eller får endra oppdateringsfrekvens ved å aktivere mekanismen eller bruke tastatursnarvegen?

Innhaldet som er sett på pause skal ikkje starte før brukaren gjer eit aktiv val om å starte innhaldet igjen. Av praktiske årsaker testar vi dette ved å registrere om bevegelsane, blinkinga eller rullinga startar av seg sjølv innan eitt minutt.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. For nettsider med innhald som oppdaterer seg automatisk, som blir vist saman med anna innhald og som ikkje er ein nødvendig del av ei handling, er ein av følgjande oppfylt:

  • Det finst ein mekanisme for å pause, stoppe, skjule innhaldet eller styre oppdateringsfrekvensen. Mekanismen ligg anten i direkte tilknyting til innhaldet, eller på starten på sida.
  • Det finst ein dokumentert tastatursnarveg for å pause, stoppe, skjule innhaldet, eller styre oppdateringsfrekvensen.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.