Indikator 2.2.2 a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar

Indikatoren testar nettsider med innhald som bevegar seg, blinkar, eller rullar. Ein føresetnad er at denne typen innhald startar automatisk og ikkje stansar innan fem sekund. Eksempel på slikt innhald kan vere videoinnhald, animasjonar, spel og rullande børsnoteringar.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker om innhald som er i bevegelse blir vist samtidig med anna innhald. Viss bevegelsane er ein del av ei handling der dei er nødvendige, avsluttar vi testen. Dersom dette ikkje er tilfelle undersøkjer vi følgande:

  • Finst det en mekanisme eller ein tastatursnarveg på sida for å pause, stoppe eller skjule det bevegande/blinkande/rullande innhaldet?
  • Ligg mekanismen på starten av sida eller i direkte tilknytning til innhaldet som beveger seg/blinkar/rullar?
  • Blir innhaldet sett på pause, stoppa eller skjult ved å aktivere mekanismen eller bruke tastatursnarvegen?

Innhaldet som er sett på pause skal ikkje starte før brukaren gjer eit aktivt val om å starte innhaldet igjen. Av praktiske årsaker testar vi dette ved å registrere om bevegelsane, blinkinga eller rullinga startar av seg sjølv innan eitt minutt.

Vi undersøker også om det finst ein mekanisme nær starten av sida for å laste innhaldet på nytt, men utan innhaldet som rører seg. Dersom dette er tilfelle, aktiverer vi mekanismen for å undersøke om den fungerer. Deretter sjekkar vi at innhaldet som rører seg ikkje startar igjen innan eitt minutt.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Det er fleire måtar å oppfylle kravet på. For nettsider med innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar i meir enn 5 sekundar, og som vert vist saman med anna innhald og ikkje er ein nødvendig del av ei handling, er ein av følgjande oppfylt:

  • Det finst ein mekanisme for å pause, stoppe eller skjule innhaldet. Mekanismen ligg anten i direkte tilknyting til innhaldet eller på starten på sida.
  • Det finst ein dokumentert tastatursnarveg for å pause, stoppe eller skjule innhaldet.
  • Det finst ein mekanisme nær starten av nettsida for å laste sida på nytt utan denne type innhald.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.